Hopp til innhold

Lekkasje i Puddefjorden: 200 liter hydraulikkolje

200 liter olje har rent ut i vatnet inst i Puddefjorden ved gamle Nygårdsbroen, like ved starten av Store Lungegårdsvann. Brannvesenet er på staden med femten personar frå to stasjonar.

Dei har sett i gang arbeid med lenser for å få samla oljen. Lekkasjen kjem frå ein båt som blir brukt til tildekking av botnen av Store Lungegårdsvann. Også mannskapet der har gjort tiltak for å freista å avgrensa lekkasjen.

– Me ser med drone kor oljen har bevega seg og kvar han vil halda fram å bevega seg, seier vaktkommandør i 110 Vest, Shahrooz Lahooti.

Brannvesenet prøver å avgrensa kor langt oljen flyt av garde.

– Me prøver å avgrensa det ved å demma opp eit stort område. Det kan ta lang tid å få samla opp dette, seier Lahooti. Han viser til at mørket også gjer arbeidet vanskeleg.

– Akkurat no flør det og då driv oljen inn mot Store Lungegårdsvann. Når det etter kvart blir fjære igjen vil det gå ut igjen mot sundet her, seier innsatsleiar Leif Erik Gjesdal ved 19.30-tida.

Han skildrar oljen som veldig tyntflytande.

– Oljen er veldig flyktig og det er det som er litt av utfordringa med oljen og dei lensene me har. Det er rett og slett problem med å absorbera det til lensa, seier Gjesdal.

Dei er ikkje sikre på akkurat kva type hydraulikkolje det er, men trur det er av ein type som etter kvart vil løysa seg opp i vatnet.

– Eg vil anta at oljen kan setja seg i fjørdrakta på fuglar og slikt, men det er ikkje tungolje me snakkar om. Det er veldig tyntflytande olje, så eg er ikkje så veldig bekymra.

Operasjonsleiar i politiet, Steinar Hausvik, opplyser at dei har oppretta sak

oljelekkasje bergen
Foto: John Inge Johansen / NRK