Hopp til innhold

Leiteaksjonen held fram for fullt i dag

Politiet og frivillige leitar etter 52 år gamle Elin Merete Angermund som har vore sakna sidan torsdag. – Vi har svært få spor i saka, fortel politiet.

leteaksjon, Elin Merete Angermund,

KREVJANDE LEITING: Innsatsleiar Dag Olav Sætre fortel at det er ein krevjande leiteaksjon og at det er få spor i saka.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Elin Merete Angermund

Familien har gitt sitt samtykke til at namnet og biletet til den sakna kvinna er sendt ut til pressa.

Foto: Politiet

Heile helga har mannskap frå politiet, Raude Kross, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshundar og Forsvaret leita etter sakna Elin Merete Angermund (52).

Ingen har sett henne sidan torsdag, og det er få spor som tyder på kva som har skjedd med henne.

– Det er svært utfordrande å arbeide ut ifrå så få spor. Vi prøvar å samle dei trådane vi har, men det er vanskeleg, seier innsatsleiar Dag Olav Sætre.

Sjekkar alle tips

Laurdag leita mannskapa vidare i området rundt Nordåsvatnet der dei avslutta seint fredag kveld. Gjennom natta har Raude Kross leita i og rundt Nordåsvatnet med båt.

Seinare bestemte politiet å utvide søket til Haugsdalsvegen etter tips frå publikum. Men utan resultat.

Ingen av tipsa som er kome inn frå publikum har ført til at politiet har kome nærare å finne 52-åringen.

– Vi har ingen sikre opplysningar sidan torsdag, men det er ingen indikasjonar på at det har skjedd noko kriminelt. Så langt er dette ein leiteaksjon etter ein sakna person, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Leteaksjon etter Elin Merete Angermund

Mannskap frå mellom anna Raude Kross leitar i Haugsdalsvegen laurdag.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Leitar vidare med full styrke søndag

Søndag held leiteaksjonen fram med full styrke i Bergensdalen.

– Mannskapa møttest klokka 09.00 i dag, og vi konsentrerer søket rundt Tveitevannet, Slettebakken og Nattland. Det er ikkje komme noko nye spor, men Sletten senter er ein av stadane ho vart sist sett, seier Kolltveit til NRK søndag.

Kvinna blei sist sett torsdag ettermiddag på Kiwi i Skjoldskiftet. Ho blei meldt sakna seinare same kveld då ikkje kom heim til bustaden sin på Nesttun.

Ho hadde på seg ei svar regnkåpe av merket Didrikssons, mørkeblå dongeribukser og svarte tøysko av merket Vans, samt at ho gjekk med ein liten svart ryggsekk, skriv politiet i ei pressemelding.

Publikum kan tipsa politiet på 02800.