- Vi blir snart ikkje overraska lenger over kor idiotiske folk kan vere, seier eigaren av Shell-stasjonen i Naustdal, Albert Skildheim. - Det kan ikkje vere mykje att oppe i hovudet når dei leikar med open eld mellom bensinpumpene. Det er 40.000 liter bensin i tankane, og i verste fall kunne det ha gått skikkeleg gale, seier Skildheim.
Fyr på sykkel
Politiet fekk like før midnatt tysdag melding om to ungdommar som leika seg med eld inne på området til Shell- stasjonen i Naustdal. Dei hadde sett fyr i noko som låg på bagasjebrettet på sykkelen, og så sykla dei inn mellom pumpene. Dei avslutta med å kaste sykkelen mot ei av pumpene. Politiet rykte ut til staden, men då var ungdommane vekke. - Men vi veit kven dei er, og dei kan vente seg ein reaksjon, seier lensmann Kjell Fonn.