Hopp til innhold

Legg ned 40 asylplassar i Hyllestad

Det statlege mottaket for einslege mindreårige i Hyllestad er eit av fire nye mottak som vert lagt ned på Vestlandet.

Tidl. Leirvik skule i Hyllestad

LEGG NED ASYLMOTTAK: 40 plassar for einslege mindreårige forsvinn, når mottaket i Hyllestad vert lagt ned.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Eg tykkjer dette er trist, og då først fremst for dei unge asylsøkjarane, men og for dei tilsette ved mottaket, men samstundes så forstår eg at tilstrøyminga har gått ned, seier Morten Askvik som er ordførar i Hyllestad.

På landsplan vert no 20 asylmottak med totalt 2105 plassar lagt ned. Årsaka er at tal asylsøkjarar har falle frå 31.000 i fjor, til vel 2.000 så langt i år.

Må flytte for tredje gong

Ved mottaket i Hyllestad er det i dag 40 plassar. For nokre av bebuarane er det tredje gongen at mottaket dei bur på vert lagt ned, sidan dei kom til Sogn og Fjordane.

Morten Askvik

UHELDIG: Morten Askvik som er ordførar i Hyllestad meiner det er uheldig at dei unge asylsøkarane nok ein gong må flytte.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Mange av dei har opplevd mykje i løpet av sitt unge liv. Det å nok ein gong då skulle verte fråtekne dei trygge rammene, som er noko av det dei treng mest, det er ikkje bra for deira sjansar til integrering, seier Askvik.

Arbeidsplassar forsvinn

Når mottaket i Leirvik vert lagt ned forsvinn det også 23 sårt tiltrengte arbeidsplassar i Hyllestad.

– Det er alltid trist når folk mister jobben. Eg tenker i første rekke på dei som vert råka og familiane. Nokre av dei har flytta hit no, medan andre har budd her lenge. For kommunen er det sjølvsagt heller ikkje bra når så mange arbeidsplassar forsvinn, seier Askvik.

I løpet av vel eitt år vart det oppretta og lagt ned to mottak med til saman 80 plassar i Hyllestad.

– Dette er ei utfordring både for asylsøkarane som kom, for kommunane som har tatt i mot og for mottaksapparatet som har rigge seg for ein heilt annan situasjon enn det vi står overfor no. Eg meiner dette er noko som statlege styresmakter må sjå på seier Askvik.