Hopp til innhold

Legg bort sak etter Airlift-ulykke

Politiet har bestemt seg for å legge bort saka etter helikopterstyrten i Ullensvang.

Ulykkesstedet i Hardanger

FEM OMKOM: Fem personar miste livet i helikopterstyrten i Hardanger sommaren 2011.

Foto: Jan Kåre Ness / Scanpix

– Det er ikkje funne grunnlag for å setje i verk etterforsking mot Airlift AS, utover det som er gjennomført tidlegare, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand i Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

Ikkje teknisk feil eller vêrproblem

4. juli i 2011 styrta eit helikopter frå Sunnfjord-selskapet Airlift med pilot og fire passasjerar i fjellet mellom Eidfjord og Ullensvang i Hardanger. Alle fem om bord omkom i ulykka.

I november mottok politiet den endelege rapporten frå Havarikommisjonen. Her finn dei ikkje grunnlag for vidare etterforsking. Dermed set dei punktum for saka.

Ifølgje Bergens Tidende har Havarikommisjonen komme fram til at helikopteret ikkje hadde tekniske feil. Heller ikkje vêr og vind kan forklare ulykka.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Helikopterulukka i Ullensvang

Helikopterulukka i Ullensvang

Oppstod stiv stikke under sving

I rapporten kjem det fram at det har oppstått såkalla «servo transparency» – også kjent som jack stall eller stiv stikke.

Dette er noko som kan skje i svingar der hydraulikken er sterkt pressa – som i Ullensvang. Då kan flygestikka låse seg, og piloten kan få problem med å rette opp helikopteret, skriv avisa.

«Den teknologiske utviklingen har kommet så langt at Havarikommisjonen mener det er på tide at luftfartsmyndighetene krever egnede opptakere også for mindre luftfartøy, herunder lette helikoptre», står det i rapporten frå Havarikommisjonen.