Hopp til innhold

Tre stadfesta omkomne i Airlift-styrt

Minst tre omkom då eit helikopter frå Airlift styrta i fjellet i Hardanger. Eventuelle pårørande kan ringe krisetelefon i Ullensvang på 53 67 15 00

Helikopterstyrt Hardanger
Foto: Inge Kristoffersen

Klokka 20.56 stadfestar politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland politidistrikt at alle ombord er døde.

– Fem personar omkom, stadfestar Gudmundsen overfor NRK.

– Politiet fekk klokka 19.17 melding om at eit helikopter frå Airlift hadde gått ned ved Vassli, mellom Dalamot og Busete i Eidfjord kommune, opplyser politiet i ei pressemelding.

Politiet opplyser vidare at helikopteret var på eit privat transportoppdrag i samband med hyttebygging.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mange helikopter

Airlift har ein helikopterflåte på 17 helikopter. Dei drive med redningsteneste, transport og tunge løft. Selskapet har hovudkontor ved Førde Lufthann og har om lag 80 tilsette.

– Eg kan stadfesta at eit helikopter har styrta i fjellet i Ullensvang. Det er usikkert kor mange som er ombord i helikopteret, seier Nils Ole Sunde ved Hovedredningssentralen for Sør Norge til NRK.

Les: – Kan være den alvorligste helikopterulykken på Fastlands-Norge

Fleire rykka ut

To Sea King redningshelikopter og minst to luftambulanser har rykka ut til ulykkesstaden, opplyser Hovedredningssentralen til NTB. Blant anna er redningshelikopteret i Florø og luftambulansen i Førde kalla ut.

– Vi har ressursar på staden no. Det er veldig dårleg mobildekning, så vi har ikkje fått tilbakemelding enno, seier Nils Ole Sunde i Hovedredningssentralen i Sør-Norge til VG Nett.

Det skal vere låg skodde i området, og politiet melder om vanskelege flytilhøve.

Yr.no sitt vervarsel for Ringøy.

Redningssentralen fekk melding om ulykka klokka 18.45 frå eit vitne som melde frå til politiet.

Les: Havarikommisjonen startar undersøkingar

Slår alarm

– Vi har store ressursar på veg, seier Sunde.

Då NRK snakka med brannvesenet i Bergen like før klokka 19.30 opplyste vaktsentralen at dei gjorde seg klar til å rykka ut.

Helikopteret har styrta i Dalamot i Ullensvang, opplyser politiet i Hordaland til NTB.

Dalamot ligg høgt oppe i fjellet, omlag midt mellom tettstadane Kinsarvik og Eidfjord.

Opprettar beredskap

Direktør i AirLift, Johnny Skoglund seier til firda.no at det er eit av deira helikopter som har styrta i Hardanger.

– Førebels kan vi ikkje seie meir enn at vi etablerer vår beredskapsorganisasjon, og vi har dialog med dei einingane som vi skal ha dialog med, seier Skoglund.