Sjølv om det snart er halvtanna år sidan hendinga, hugsar tvillingmora Renate England det som om det var i går.
– Begge måtte vere med meg opp på sjukehuset, sidan eg amma. Så Maria måtte fint liggje i andre enden av senga, fortel England.
Snart eitt og eit halvt år gamle Irina er aktiv og i godt humør medan vi besøker henne og mora Renate England i heime i stova i Nessane i Balestrand.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Legen la på røyret
Men slik var det ikkje i byrjinga av januar i fjor. Irina, som var fødd fire veker for tidleg og tvilling, og som vog litt i underkant av fire kilo, var alvorleg sjuk.
Ho hadde feber, ville ikkje lenger ha pupp og hadde problem med å puste. Renate England fortel kva som skjedde då ho snakka med ein lege ved legevaktsentralen i Førde.
– Ho spurte om Irina var tett i nasen og hosta. Det svarte eg ja til. Då meinte ho at det var det som gjorde at Irina ikkje ville drikke, og at eg berre skulle gje henne saltvasspray, fortel England.
Men den fortvila mora var viss på at noko var gale, og sa til legen at Irina også pusta rart.
– Då la ho berre på røyret. Eg stod att og var heilt mållaus, fortel England.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Sjukepleiar ringde opp att
Like etter at legen hadde lagt på røret, ringde telefonen heime hos Renate England.
Ein sjukepleiar var i andre enden, og spurde om legen berre ville gje babyen paracet og saltvassoppløysing. Då dette vart stadfesta av mora, tok sjukepleiaren sjølv affære. Sjukepleiaren overprøvde legen og rekvirerte ambulanse umiddelbart.
Fylkeslenge Per Stensland rosar sjukepleiaren som overprøvde legen.
– I dette tilfellet har det heldigvis skjedd at ein erfaren og dyktig sjukepleiar har overprøvd ein ung og uerfaren lege. seier Stensland.
– Skjer det ofte at sjukepleiarar overprøver legar?
– Nei, det gjer ikkje det, seier Stensland.
- LES OGSÅ:
Var medisinsk uforsvarleg
I Balestrand kjenner England at det nesten er uverkeleg, det som skjedde då eine veslejenta hennar var sjuk.
– Eg er berre heilt sjokka. Med så mange faresymptom som Irina hadde, så vert eg heilt, ja, eg veit ikkje kva eg skal seie. Ho hadde tørre bleier, ville ikkje drikke, var veldig tett, heiv etter pusten og var kald då eg tok på ho, fortel England.
– I dette tilfellet vart denne telefonen sett over til den unge legen, som fann å kunne gje enkle råd på telefonen, utan å undersøkjer sjølv, seier Stensland.
Fylkeslegen er kritisk til det som skjedde.
– Då har vi ein situasjon som er det vi kallar medisinsk uforsvarleg, og vi meiner det var mykje å setje fingeren på. Ein skal ha særs god grunn for å ikkje undersøkje eit slikt barn, sjølv som lege, seier Stensland.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Konstaterte lungebetennelse og RS-virus
Etter at sjukepleiaren ved sentralsjukehuset tok affære, kom ambulansen raskt til Balestrand.
– Dei tok berre med seg ungen og drog, og så pakka eg eit par ting og så drog eg, Maria, Ivan (storebror) og Jan-Egil etter ambulansen, fortel England.
Då det vesle barnet vart undersøkt ved Førde sentralsjukehus fann legane raskt ut kva som var årsaka til den dårlege allmenntilstanden til barnet.
– Ho hadde RS-virus og lungebetennelse. RS-viruset er veldig farleg for så små barn. Irina var kopla til ei maskin som heile tida målte oksygenmettinga hennar. Den peip heile natta, for ho hadde så låg metting. Eg likte situasjonen veldig dårleg, fortel England.
Renate Engeland skuldar legen for å kome med rein løgn i si forklaring til fylkeslegen.
– Legen påstår at det er ho som har rekvirert ambulanse, og det stemmer ikkje. Eg vert faktisk sint, seier England.
(Artikkelen held fram under biletet)
- LES OGSÅ:
Meiner legen burde fått ei åtvaring
NRK har vore i direkte kontakt med sjukepleiaren som stadfestar at det var ho som rekvirerte sjukebilen. Og ved hjelp av lydloggen ved legevaktsentralen, slår Stensland fast at det var sjukepleiaren, og ikkje legen som rekvirerte ambulansen.
– Vi meiner at legen ikkje gir ei fullgod forklaring på det vi finn att i lydloggen. Vi let lydloggen vere premissen for korleis vi vurderer saka vidare, seier Stensland.
Forutan at det i vedtaket frå fylkeslegen frå august i fjor blir slått fast at saka har vore handtert på ein fagleg uforsvarleg måte, kjem ikkje fylkeslegen med andre reaksjonar mot legen.
Foreldra meiner legen i det minste burde fått ei åtvaring. Per Stensland meiner på si side at reaksjonen overfor legen er passeleg.
– Det som har vore viktig for oss, er å sikre oss at legen forstår alvoret i denne saka, og at det er ei alvorleg sak, seier Stensland.
I Balestrand sit trebarnsmora og er glad for at ho framleis er nettopp det. Tanken på at ting kunne vore annleis, er ikkje til å halde ut.
– Dette kunne gått mykje, mykje verre enn det gjorde. Heldigvis gjekk det bra, seier England.
Legen ønskjer ikkje å kommentere saka.
- LES OGSÅ:
HER KAN DU HØYRE RADIOSAK: