Hopp til innhold

Lars-Magnus (19) og fleire hundre personar er isolerte: – Skremmande

Eit stort steinras knuste vegen og har isolerte fleire hundre personar. Innbyggjarane er skremde etter at dei såg storleiken på steinane.

Bilete av Lars-Magnus Bungum ved rasstaden i Arnafjorden.

BEKYMRA: Lars-Magnus Bungum bur like ved rasstaden og skremd etter raset som gjekk i natt.

Foto: Lars-Magnus Bungum

SISTE: Torsdag ettermiddag vart arbeidet med den provisoriske vegen forbi rasstaden stogga etter at ein høyrde rumling i fjellsida.

– Vi har valt å stogge arbeidet fram til i morgon tidleg og vil ta ei ny vurdering av når vegen kan opne klokka 12 fredag, seier byggeleiar Geir Ove Engebø.

Den rasfarlege fylkesvegen i Arnafjorden i Sogn er stengd etter at steinar på storleik av personbilar knuste vegen og isolerte fleire hundre personar.

– Når det er så nærme hus så er det ekstra skremmande, seier Lars-Magnus Bungum som bur 200 meter frå rasstaden.

19-åringen er leiar i bygdelaget og har opplevd ras på vegen før, men aldri sett så store steinar rase ned fjellsida.

Stor stein etter raset i Arnafjorden.

STORE STEINAR: Det gjekk to ras natt til torsdag i Arnafjorden. Først eit lite rundt midnatt før eit større ras gjekk klokka to om natt på same stad.

Foto: Privat

– Eg håpar vegen blir sikra med tunnel. Dette er ein av dei absolutt mest rasfarlege vegane på Vestlandet, om ikkje ein av dei mest rasfarlege vegane i Noreg, seier Bungum.

Steinras i Arnafjorden.

STØRRE RAS: Raset er godt synleg frå andre sida av fjorden.

Foto: Privat

Det gjekk to ras i Arnafjorden. Først eit mindre rundt midnatt, før eit større ras gjekk klokka to om natta.

100 meter av vegen har fått skade og vegbana har krater opp til seks meter breie. Sleppområdet er på om lag 70 meter breitt.

Ordføraren i Vik har fleire gongar kravd betre sikring av den rasfarlege fylkesvegen.

– Det handlar om liv og helse og denne vegen er i tetsjiktet når det gjeld vegar det må gjerast noko med. No rasa det ofte og det er berre flaks at det gjekk vel, seier Roy Egil Stadheim.

Les også Mor deler ungeflokken i to for å hindra at alle blir tatt av ras

Asbjørn, Eivor og Laura

No er fleire hundre personar isolerte i Arnafjorden. Vegen vil ikkje opne att før tidlegast fredag.

– Steinane er på størrelse med bilar og det er skade på om lag 100 meter av vegen. Det er vanskeleg å seie når vegen kan opne att, seier byggjeleiar Geir Ove Engebø hos Statens vegvesen.

Ras på fv. 5600 mellom Vik og Arnafjord

KNUST: Fylkesveg 5600 har store skadar etter raset som gjekk natt til torsdag.

Foto: Lars Magnus Bungum / Lars Magnus Bungum

Statens vegvesen vil gjere ei ny vurdering fredag kl. 12.

Det får konsekvensar for fleire hundre personar som ikkje får kome seg på arbeid eller skule.

– Akkurat no er alle i Arnafjorden innestengt. Eg kjem meg ikkje på arbeid, seier Bungum.

Det er no sett opp båtrute til og med måndag. Kva tider ruta går kan du lese her.

Fleire hundre hundre innbyggjarar er isolerte i Arnafjorden etter at vegen til kommunesenteret Vikøyri vart knust av steinras natt til torsdag.

Fleire hundre innbyggjarar er isolerte i Arnafjorden etter at vegen til kommunesenteret Vikøyri vart knust av steinras natt til torsdag.

ISOLERT: Innbyggjarane inne i Arnafjorden er isolerte etter at eit større jord- og steinras gjekk natt til torsdag.