Hopp til innhold

Han må betale ut sosialhjelp til stadig fleire

I Førde får nærare 50 fleire sosialstønad i år enn i fjor.

Magne Kjetil Berg

- UROVEKKANDE: NAV-leiar Magne Kjetil Berg i Førde synest auken er stor.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kommunen har fått auka utgiftene sine med ein og ein halv million kroner på grunn av auken i talet på dei som tek mot økonomisk sosialhjelp.

Dette er urovekkkjande, seier NAV-leiar i Førde, Magne Kjetil Berg.

– Det er ein stor auke på relativt kort tid, og det gjer at vi er uroa.

– Dyrt å bu i Førde

I løpet av det siste året har køen av folk som treng økonomisk sosialhjelp vakse i fylket. Berg seier det er utfordrande for dei som treng hjelpa, men også for kommunen.

– Generelt er det slik at vi har eit kostnadsnivå i Førde som er høgt, det er dyrt å bu her, og det gjer at mange ikkje greier bukostnadene. Dei må betale mykje i husleige, og dei har lite å leve av frå før, og då er det vanskeleg å klare seg.

Førde (austlege del) frå Hafstadkleiva

HER TRENG FLEIRE SOSIALHJELP: Høge bukostnader gjer at mange ikkje greier seg utan sosialhjelp i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fleire utan arbeid

Arbeidsløysa har auka litt dei siste månadene i fylket, for etter år med nedgang har talet stige. Det er 1040 heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på 15 prosent sidan året før. Dermed er det fleire som berre har sosialhjelp som einaste inntektskjelde.

Årsakene til dette er ofte samansette, men ei av hovudårsakene er tilflytting til Førde, og mange brukarar klarar ikkje nivået på buutgiftene. Men det er ikkje berre i Førde talet på folk som treng økonomisk hjelp veks, seier Kari Tonning, leiar i NAV i Stryn.

– Vi ser nok ein del av dei same tendensane, at det er auke både i talet på mottakarar og på utbetalingane.

Ho fortel at det ofte er arbeidsinnvandrarar og flyktningar som mottek økonomisk stønad i kommunen. Å skaffe dei arbeid kan vere ei utfordring.

– Det er noko vi må jobbe med, for å få næringslivet i Stryn til å ta denne arbeidskrafta.

Redd det aukar på

Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane fortel at auken i utbetalingar til sosialklientar skjer fleire stader i fylket. Men han er ikkje overraska over at det stadig vert fleire som treng pengehjelp.

– Det er fleire som treng hjelp. Det er til dømes flyktningar som er ferdige med introduksjonsprogrammet sitt og som ikkje får seg arbeid. Vi ser og at ein del innvandrarar frå Norden, mellom anna frå Island, har trøbbel med å få seg arbeid og ein tenleg plass å bu.

Frode Henden

REDD DET AUKAR FRAMOVER: Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.

Foto: NAV / NRK


Henden seier dei følgjer situasjonen tett og at dei håpar tala kan gå nedover att.
Men han er ikkje optimist for framtida.

– Vi er redde for at det aukar framover. No skal vi saman med kommunane prøve å fylgje dette tett og prøve å sette inn tiltak tidleg, slik at tida på økonomisk sosialhjelp blir så kort som mogeleg.


Førde kommune må spare pengar, viser tal som vert lagt fram for bystyret i slutten av oktober. Det betyr at sosialleiar Magne Kjetil Berg må få ned utgiftene. Korleis veit han ikkje enno.

– Det er utfordrande, vi må først konsentrere oss om å jobbe godt med dei sakene vi har. Så får tida vise om vi greier å få ned utgiftene på den måten.