Hopp til innhold

Snart blakke og utan jobb i sikte

Familien til niåringen Ilda står utan både jobb og pengar i Serbia, etter at dei vart utviste frå Norge og forlet Førde for halvanna veke sidan.

Ilda tek avskjed med venene

23. SEPTEMBER: Ilda vinkar farvel til vener og kjende i Førde.

Foto: Vegar Erstad

Den seksten år gamle søstera Atmana fortel at dei lever på pengar frå gode vener i Norge.

Fekk endeleg avslag

– Vi brukar det vi fekk frå Norge. Når vi ikkje har meir att, blir det svært vanskeleg, seier ho til NRK.

Pengane rekk enno til husleige og mat. Familien på fem deler eit rom, kjøkken og bad i Novi Pazar - ein fattig kommune i Serbia. Kontrasten er stor til livet dei har levd i Førde siste åra, der søstrene Atmana, Rabisha og Ilda hadde vener og gjekk på skule.

Etter å ha budd fleire år i Førde fekk familien avslag på asylsøknaden. Fleire, blant anna Europarådet sin kommisær for menneskerettar, har kritisert avslaget og sagt at det ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til bornas beste.

Artikkelen held fram.

Familien Gugna frå Kosovo

I FØRDE: Familien Gugna heime i Førde før det endelege avslaget på søknaden om opphaldsløyve: F.v. Turid Bruland (organisasjonen Barna1), ekteparet Gugna og dei to eldste døtrene Rabisha og Atmana.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Det finst ikkje jobbar

Etter å ha fått endeleg avslag på asylsøknaden står dei no på bar bakke i Serbia. Dei har ikkje råd til skulegong, og utsiktene til å skaffe seg inntekt er dystre

Ilda møtte Heikki Holmås

PÅ STORTINGET: SVs stortingsreprensentant Heiki Holmås er ein politikarane som har engasjert seg i saka til Ilda og familien, utan at det førte fram.

Foto: NRK

– Det er ikkje jobbar til meg og søstera mi, og ikkje til mamma og pappa, heller, seier Atmana på telefon frå Serbia.

Ifølgje Utlendingsdirektoratet skulle dei psykisk sjuke foreldra få hjelp i Serbia. Men det ser mørkt ut.

Korrupsjon og høg arbeisløyse

Norsk Folkehjelp har i mange år hatt medarbeidarar i Serbia. Ifølgje organisasjonen er tilhøva svært vanskelege for interne flyktningar i landet. Sosialhjelpa er lita og arbeidsløysa høg.

– På Balkan er det ofte slik at jobb får ein gjennom kjenningar. Det er mykje korrupsjon og nepotisme. Når ein har vore utanfor systemet i fleire år, er det nok vanskeleg viss ein ikkje har kjenningar i innan posisjonar ein eller annan stad, seier Emil Jeremic som jobbar for Norsk Folkehjelp i hovudstaden Beograd.

Ser mørkt på framtida

Ilda

SKULEELEV: Etter tre år i Norge var ni år gamle Ilda godt integrert i Førde. Her i klasserommet på Førde barneskule.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Nett no verkar det meste håplaust for Atmana, Ilda og resten av familien. For kvar dag svinner håpet om ei betre framtid.

– Eg veit ikkje. Eg tenkjer ikkje på framtida. Eg tenkjer berre på korleis eg skal leve her, seier 16-åringen.