Hopp til innhold

Doblar julehjelp til barnefamiliar

Det er ein auke i talet på barnefamiliar som søkjer om julestønad frå NAV i Årdal.

Julehandel Handelshuset i Førde

JULEHANDEL: Ikkje alle har økonomi til å delta i kjøpefesten før jul.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berre dei siste vekene har fleire teke kontakt for å få økonomisk hjelp til julemat, julepakkar og julefeiringa.

Kommunalsjef Rigmor Svaberg i Årdal seier dei har dobla stønaden til dei som treng hjelp.

Rigmor Svaberg

DOBLAR STØNADEN: Kommunalsjef Rigmor Svaberg i Årdal.

Foto: Årdal kommune

Permitteringsvarsel, oppseiingar og kommunale innsparingar pregar bygda.
Men auken i talet på søknader til NAV har ikkje samanheng med dette, seier kommunalsjefen.

– Det ser ut som det er ein trend i år. Det er ikkje spesielt permitterte eller arbeidsledige som peikar seg ut mellom dei som søkjer. I hovudak er det barnefamiliar som søkjer.

– Dårlegare ut i desember


NRK har teke ein ringerunde til fleire NAV kontor i fylket og dei fleste fortel om at det er fleire som tek kontakt i desember for å få hjelp enn i andre månader i året.
I Stryn er leiar for NAV, Kari Tonning, klar på at dei skal hjelpe dei som treng det.

– Dei som er avhengige av å leve på økonomisk sosialhjelp har det ikkje romsleg økonomisk, og dei kjem dårlegare ut i desember enn lønsmottakarar, som har halv skatt. Særleg barnefamiliar som lever på sosialhjelp har det kummerleg. Dei har ikkje meir enn dei treng til det mest naudsynte.

– Utfordrande når andre dreg visakortet

Nye tal frå NAV viser at det no er 927 personar utan arbeid i fylket, det er ein auke på seks prosent frå same perioden i fjor. I tillegg er 107 personar permitterte, det er ni fleire enn i november i fjor.

Fleire som manglar arbeid kan føre til ein vanskeleg økonomisk situasjon på heimebane. Det kan bli ekstra utfordrande når andre dreg visakortet på julehandelen, seier leiaren for NAV-kontoret i Eid, Bodil Førde.

– Vi vil alle legge til rette for ei flott jul for ungane våre, og ein del barnefamiliar har vanskar med å få det til.

Julestjerne

DET SKAL BLI JUL TIL ALLE: NAV-kontora deler ut pengar til juleinnkjøp.

Foto: OBP

1300 born lever i økonomisk fattigdom i Sogn og Fjordane, viser tal frå Vestlandsforsking, og på landsplan har talet på personar som lever på fattigdomsgrensa auka med 50 000 dei siste fem åra.

Leiaren for NAV i Høyanger og Balestrand, Anne Tove Sjøtun Nyheim, seier dei reknar med å få inn ti søknader om julestønad.

– Det ligg på mellom fem og ti her i Høyanger, det viser erfaringar frå tidlegare år. Per i dag har vi tre søknader frå Høyanger og ein frå Balestrand. Dei fleste søknadene plar kome nærare jul.

Ikkje berre sosialklientar


Dei som går jula i møte med få kroner på kontoen er ikkje berre sosialklientar, men folk som av ulike årsaker opplever at pengane rett og slett ikkje strekker til.
Kari Tonning på NAV-kontoret i Stryn er klar til å bidra.

– Ein del familiar vil vi på eige initiativ gripe fatt i.


Vi skriv 5. desember i dag, og NAV-kontora ventar at fleire tek kontakt utover i desember for å få hjelp. I Årdal har dei auka satsen på julestønad i år, fortel kommunalleiar Rigmor Svaberg.

– Vi har dobla tilskotet per person i år, det er auka frå 500 til 1000 kroner. Dei skal ha nok til å feire ei god jul.