Hopp til innhold

Opning av Støylsnestunnelen

Ein konge og to statsrådar kjem for og opna ein omlag tre kilometer lang tunnel.

Støylsnestunnelen er opna
Foto: Cosmin Cosma/NRK

Kong Harald

KJEM: H.M. Kong Harald

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX
Liv Signe Navarsete

KJEM: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Magnhild Meltveit Kleppa

KJEM: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

...og for å gjera det klart fyrst som sist, tunnelen har allereie vore open i omlag tre veker.

Les også: No kan du køyre tunnelen

Kongeleg opning

Klokka elleve på måndag kjem H.M. Kong Harald til Lundevassenden, han blir mellom anna motteken av Samferdslesminister Magnhild Meltveit Kleppa og Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det blir ei storslått opning med kulturinnslag, blomar og mat frå morgon til middag. Programmet finn du her.

Allereie open

Tunnelen har altså vore open i omlag tre veker. Det vil sei at tunnelen stenges igjen, for så og opnast offisielt av Kongen på måndag.

Prosjektleiar Odd Erik Haugen ville ikkje vente til den offisielle opninga, før han slapp trafikk gjennom når prosjektet var ferdigstilt. Dei opna tunnelen med omsyn til bilistane sin tryggleik.

Viktig opning

Tunnelen på Rv5 (sjå kart) er del av eit rassikringsprosjekt på eit vegstrekk som har vore utsett for stor rasfare.

Det finnes ei eiga aksjonsgruppe for vegstrekket: Aksjonsgruppa for rassikring av Kjøsnesfjorden.

Firda skriv i dag at denne aksjonsgruppa vil halde fram trass opninga.

- Me kan ikkje seie at vegen er 100 prosent trygg i alle situasjonar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.