– Vi har i utgangspunktet ei forventning om at dei same mekanismane skal skje i Noreg, når det har skjedd både i Danmark, Sverige og Finland, seier Jan Erling Klausen.
Forskaren ved Universitetet i Oslo er ein av dei som skal undersøka om kommunar driv med såkalla ressursbrenning før kommunesamanslåing.
I nabolanda viste det seg at kommunar tok opp store lån til ulike investeringar like før kommunesamanslåing. Dermed sat den nye storkommunen att med gjelda, medan nærområda kunne nyta godt av investeringa.
Ifølge avisa Politiken tømte fire av fem danske kommunar kommunekassa før dei blei tvinga til å slå seg saman. I tillegg brukte dei opp oppsparte midlar, og hadde tatt opp nye lån for å finansiera ekstra investeringar.
- Les òg:
Kan starte med gjeld på over 1 milliard
Erfaringane frå mellom anna Danmark, gjer at Klausen trur at dette også skjer og vil skje i Noreg.
– Det er ikkje nokon grunn til at dette ikkje skal skje i Noreg også. Difor har vi i utgangspunkt ei forventning om det. Spørsmålet er kor omfattande det er, seier han.
UROA: Statsvitar Jan Erling Klausen ved Universitetet i Oslo meiner det er uheldig at kommunar tek opp nye lån før dei slår seg saman med andre.
Foto: Universitetet i OsloOdda, Ullensvang og Jondal blir slått saman til Ullensvang kommune om to år. Om alle dei planlagde investeringane i dei tre kommunane sine framtidige budsjett blir gjennomførte, kan den nye storkommunen Ullensvang få ei gjeld på over 1 milliard kroner frå starten av.
– Eg åtvarar mot den store gjeldsgraden som kommunane til saman ser ut til å kunna ha i 2020, seier Odda-ordførar, Roald Aga Haug.
Han meiner gjeldsgraden aukar kraftig, og nemner noverande Ullensvang herad som tek pengar frå fond for å saldera budsjettet sitt. Samstundes skal dei avvikla eigedomsskatten.
HAR ÅTVARA: Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, er uroa mot den aukande gjelda til kommunar som skal slå seg saman.
Foto: Tale Hauso/ARKIV / NRK– Eg kan ikkje sjå at dette går i hop, seier Aga Haug.
– Til gunst for kommunen
Ullensvang-ordførar Solfrid Borge svarar sin framtidige samarbeidspartnar at det er nedfelt i avtalen mellom dei tre kommunane at det skal gjerast investeringar.
– Det vil vera til gunst for den nye kommunen at ikkje alt er falleferdig inn i den nye kommunen. Det er like viktig som at ein har auka lånegjelda noko, meiner Borge.
VIKTIG: Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang meiner det er viktig at ikkje alt er falleferdig i ein kommune når ein skal slå seg saman med ein annan.
Foto: Tale Hauso / NRK– Ser ein på innbyggjartalet har ikkje Ullensvang noko høgare lånegjeld enn Odda, påpeikar ordføraren.
- Les òg:
Klausen ved UiO er overtydd om at kommunane som skal slå seg saman er svært opptekne av korleis det står til med økonomien er i nabokommunen dei snart skal slå seg saman med.
– Men det er uheldig at ein tek opp nye lån slik. Då bind ein opp økonomien i den store nye kommunen i gode som kanskje blir urettferdig fordelt mellom dei ulike områda i ein ny kommune. Det kan også føre til at ein svekker økonomien i den nye storkommunen, fordi ein har påført seg for stor gjeld, seier Klausen.