Hopp til innhold

Lånekassen forventar rekordår for betalingsutsettingar

Dyrtid og nye vanar frå pandemien gjer at 2023 truleg blir rekordår for betalingsutsettingar hos Lånekassen. – Lurt viss ein har det trongt, seier Lene Drange i «Luksusfellen».

Lene Drange

LURT: Lene Drange frå Luksusfellen seier utsetting kan vere lurt om ein må prioritere andre utgifter

Foto: Privat

I fjor valde meir enn kvar fjerde kunde i Statens lånekasse for utdanning å utsetta éin eller fleire betalingar på studielånet.

Sidan det framleis er mogleg å søkje om utsetting på rekningar frå 2023, forventar Lånekassen at tala vil gå forbi rekordåra 2020 og 2022. Då låg andelen på 26,3 prosent.

For 2023 er talet førebels 26,2, men kjem altså etter alle solemerke til å auke.

– Det ser i alle fall slik ut på tala per no, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke.

Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør Lånekassen

Det er mogleg at fleire søkjer om utsetting på rekningar frå Lånekassen, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke.

Foto: Hege Aas

Ho fortel at dei ikkje har gjort nokon analyse på kvifor.

– Men det er jo grunn til å tru at det er ein kombinasjon av at ordninga er betre kjent og at det er ein del som har meir behov for avlastning på grunn av den økonomiske situasjonen.

Råd til nye kundar

Snart sender Lånekassen ut første faktura til 52.000 nye kundar.

Mellom andre til Gunnar Sandve i Bergen.

– Så no er det både studielån og bustadlån som skal betalast, seier 25-åringen.

Gunnar Sandve sit på ein stol og les meldinga frå Lånekassen.

For to månader sidan hadde Gunnar aldri hatt lån. No har han både bustad- og studielån.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Sandve trur den nye livssituasjonen skal gå greitt, men merker at økonomi har fått større plass i tankane – og i vennegjengen.

– Personleg økonomi er jo ikkje akkurat det første me snakkar om når me treffest, men av og til så dukkar det opp. Kanskje det blir vanlegare no som me blir litt eldre.

Bjerke har eit eige råd til Gunnar og dei andre nye tilbakebetalarane som snart får sin første faktura: Autogiro.

– Me ser at omfanget av misleghald og purringar er lågare hjå dei som har autogiro. Då let ein i alle fall ikkje vere å betala fordi det har gått i gløymeboka.

Det har Gunnar allereie tenkt på.

– Det fiksa eg faktisk i dag! Eg synest det er veldig greitt å ha det på plass, så ein slepp det forbanna inkasso-greiene.

Kan vere lurt

Lene Drange er økonom og programleiar i Luksusfellen.

Ho seier det kan vere lurt å søka betalingsutsetting på studielånet dersom ein må prioritere mellom utgifter.

– Viss ein har det ganske trongt no, som mange kjenner på, så er det lurt. Det er eit ganske fint og snilt lån å ha.

Men ho åtvarar mot å utsetta av feil grunnar.

– Viss ein berre utset for å ha meir å bruka til vanleg, bør ein prøve så langt det let seg gjere å betale den rekninga.

Å søka utsetting er i alle fall betre enn å la rekninga gå over forfallsdato, seier ho.

– Viss dette går til vidare inndriving, har Statens innkrevjingssentral ein raskare veg til lønnstrekk og betalingsmerknader enn viss du ikkje betalar ein vanleg rekning.

Tekstmeldinga Gunnar Sandve fekk frå Lånekassen.

Ikkje utsett betalinga av feil grunnar, åtvarar Drange.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Første normalår etter pandemien

Betalar ein ned på studielån, kan ein utsetta betalinga opp til 36 gonger, altså i tre år til saman.

Under pandemien kunne ein utsetta utan å bruke av den kvoten. Det var eit ekstraordinært tiltak i ein arbeidsmarknad prega av permittering.

Resultatet var eit stort hopp i talet på kor mange som valde å utsette betalinga.

I fjor forsvann den ekstraordinære ordninga.

Medan talet på purringar stig mot normalnivået igjen no, er betalingsutsettingar på pandemi-nivå.

Det var ikkje som forventa, fortel Bjerke.

Ho rår folk til å setja seg inn i kva moglegheiter som finst for økonomisk avlastning om det skulle bli vanskeleg å betale.