Hopp til innhold

Landstraumanlegget står ubrukt halve sommaren

Supplybåtar får ikkje tilgang til det nye landstraumanlegget i Bergen fordi cruiseskip – som ikkje kan bruka straumen – opptek plassen.

Landstraum

LANDSTRAUM: På Skolten Syd 3 i Vågen kan båtar kopla seg på landstraum. I løpet av sommaren er plassen oppteken i til saman 30 dagar av cruisebåtar. Anlegget er ikkje lagt til rette for cruisebåtar.

Foto: Robin Strand

– Me har tre supplybåtar som kan kopla seg til landstraumkontakten. Det er synd at den kaiplassen blir oppteken av cruisebåtar når me treng den, seier driftssjef i Solstad Shipping, Tor Inge Dale.

Driftssjef i Solstad Shipping, Tor Inge Dale

Driftssjef i Solstad Shipping, Tor Inge Dale.

Dei har investert mellom éin og to millionar for å legga til rette for landstraum i supplybåtane sine. Ein av båtane blei nyleg vist vekk frå Skolten Syd 3 – den einaste kaiplassen med landstraum i Bergen.

– Me håpar Bergen Havn utvidar kapasiteten og ikkje reduserer, slik dei gjer no.

Tilkopling til landstraum på Nordmann Prosper

TILKOPLING: Gjennom desse kontaktane kan supplyskipet Nordmann Prosper kopla seg til landstraumen i Vågen.

– Cruiseskipa treng terminalen

Landstraumanlegget i Vågen er ikkje tilrettelagt for cruiseskip.

Likevel er enkelte cruiseskip nøydde til å stå på akkurat denne kaiplassen, forklarar konstituert hamnedirektør Ulrik Jørgensen.

Ulrik Jørgensen

– INGEN ANDRE MOGLEGHEITER: – Me treng terminalen for å handtere passasjertrafikken, seier hamnedirektør Ulrik Jørgensen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Cruiseskipa som er booka inn på Skolten Syd 3, har såkalla «snuhamnstatus». Det vil seie at passasjerane byrjar eller sluttar reisa i Bergen, og då treng me ein terminal for å handtere passasjertrafikken.

Er det ikkje litt dumt at supplyskipa ikkje får bruke landstraum?

– Jo. Me vil jo bruke anlegget så mykje som mogleg. Det hadde vore det ideelle. Landstraumanlegget blei plassert der fordi det var det enklaste å få til med tanke på kabelnettet BKK kan tilby.

Bergen Havn har søkt om 185 millionar til fleire landstraumanlegg. Om søknaden blir innvilga, vil dei nye landstraumanlegga ligge på Skolten, Bontelabo, Festningskaien, Havforskinga, Hurtigruteterminalen og Dokken.

– I søknaden ligg det også to punkt for oppkopling av cruiseskip som går på landstraum, fortel hamnedirektøren.

Julie Andersland

MÅ IKKJE GJENTA SEG: Julie Andersland håpar Bergen Havn tek omsyn til skipa som nyttar landstraum neste gong dei gjer avtalar med cruiseskipa.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Forventar ei opprydding

Julie Andersland (V), byråd for klima, kultur og næring, meiner landstraum er viktig for å redusere forureininga.

– Supplyskip skal sjølvsagt ha tilgang til landstraumanlegget. Det er uheldig at cruiseskip sperrar for andre.

Supplyskip skal sjølvsagt ha tilgang til landstrumanlegget. Det er uheldig at cruiseskip sperrar for andre.

Julie Andersland, byråd for klima, kultur og næring

Fordi avtalane med cruiseskipa er eldre enn landstraumanlegget, er det ikkje teke omsyn til supplybåtane.

– Eg forventar at dette blir rydda opp i når nye avtalar med cruiserederia blir inngått, slik at problemet ikkje gjentek seg, seier Andersland.

– Må stilla krav til skipa

I tillegg til å installere landstraumanlegg til cruiseskip, meiner Heikki Holmås (SV) at cruise- og supplyskip må bli pålagt å legge til rette for landstraum.

Heikki Holmås

KRAV: Heikki Holmås (SV) vil stilla krav til at cruisebåtar kan ta imot landstraum.

Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

– Det store problemet er at dei fleste av cruiseskipa og offshorefartøya ikkje kan ta imot landstraum, meiner Holmås.

Han meiner det blir dyrt for Bergen Havn å investere i infrastruktur viss dei ikkje er sikre på at cruiseskipa tar imot landstraum.

– Mange andre stader i verda stiller dei krav om at cruisebåtar skal ta imot landstraum, og det burde me gjera i Noreg også.