Hopp til innhold

Landa midt i Balestrand sentrum

Etter å ha vore på jobb med filmkamera i paraglider for NRK, landa Kjartan Andvik elegant midt i Balestrand sentrum.

Kjartan Andvik landar med paraglider i Balestrand

INN FOR LANDING: Fotograf Kjartan Andvik landar i Balestrand etter å ha gjort opptak til ekstremsportserien frå området rundt Sognefjorden.

Foto: Robert Jan Leerink

Mange sperra nok augo opp, då ein motorisert paraglider landa trygt midt i Balestrand sentrum ved 13-tida søndag.

Held fram utover veka

Men det var ingen James Bond som var på ferde - men fotograf Kjartan Andvik, som hadde vore på jobb og filma området frå lufta.

- Vi driv med ei filminnspeling til ein reiselivsserie til NRK, forklarer Andvik.

Sidan onsdag har han vore i sving med fotograferinga, som starta i Bergen og som skal halde fram utover denne veka.

I strålande solskinn over Sogn må det vere reine draumejobben.

- Hehe. Det er heilt kanon. Kjempebra, smiler Andvik.

TV-serie om ekstremsport

Filminnspelinga over Sogn skjer i samanheng med ein reiselivsserie med ekstremsport, som skal sendast på NRK neste år.

Det er produksjonsselsapet Flash Studio som lagar TV-serien om ekstremsport i området rundt Sognefjorden.

I desse dagar er 25 personar involverte i opptaka. Dei følgjer 12 utøvarar, blant andre Lasse Kjus, som er sentrale i TV-serien.