Hopp til innhold

Ekstremsport i Sogn vert TV-serie

12 dyktige skikøyrarar skal vera med i den nye serien som vert sendt på NRK1 i 2011.

Video nsps_upload_2010_2_18_16_44_53_2085.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

-Eg tykkjer det er sjukt spennande, så eg gler meg veldig mykje, seier Anja Alme Gardli før ho set utfor eit digert hopp og gjer ein salto i lufta.

Program for ålmenta

Ho er ein av dei beste frikøyrarane i landet og ein av fleire som har vorte invitert til å vera med på den nye ekstremsportserien.

- Det vert kjempefint å oppleva naturen på denne måten. Fjella er jo så voldsomme, og det er slik me vil ha det.

Medprodusent Petter Bolstad seier at det var naturen som overbeviste han om at produksjonsselskapet Flash Studio skulle satsa på å laga ein ekstremsportserie i området rundt Sognefjorden.

- Eg vart beden opp hit for å sjå kva me kunne gjera med vintersport, og då såg eg kor rått og fett det var her oppe. Så eg tenkte fyrst på skifilm, men eg såg det var så mykje meir då me møtte folk her. Då fann me ut at me verkeleg kunne laga eit TV-program, så det var berre å byrja og jobba for å få det til. Dermed kan me visa alle kva me driv med, ikkje berre eit snevert skipublikum.

Kjus skal gjera stunt

Den tidlegare norske alpinisten Lasse Kjus er ein av aktørane som skal prøva seg på storfjellskøyring, basejump og skikøyring kombinert med paragliding.

- Kjus skal inn i Jostedalen og gjera eit stunt der inne, seier Bolstad.

Men serien handlar om meir enn ekstremsport. Gjengen på 12 skal fraktast i ein båt på Sognefjorden og på vegen skal ein få god tid til å verta kjend med menneska bak triksa.

Publikum vert kjende med Sogn

- Korleis dei ligg opp strategiane og stunta sine undervegs, mellom anna. Det meste er veldig gjennomtenkt, så det er ikkje berre galningar som kastar seg ut i det. Me har vald ein gjeng med gladmenneske som elskar naturen og heile miljøet rundt, seier regissør Torstein Molle Haug.

For lokalmiljøa i Sogn er også ein stor del av TV-serien, fortel Bolstad.

- Me skal inn og smaka på maten og dei lokale råvarene. Me skal besøka kjende kulturelle stader og verta kjend med folk i Sogn. For oss er det like viktig med miljøet og naturen. Det er eit reiseprogram så ein skal få oppleva korleis det er her inne.