– Brannen vart varsla ved halv seks tida i dag tidleg, og brannmannskap frå Brekke og Matre vart kalla ut. Brannen er no sløkt og det vert drive ettersløkking på staden, seier Stig Tetler ved 110-sentralen i Hordaland.
Det var ingen personar i lagerbygget då det tok til å brenne og ingen personar har kome til skade.
Brannvesenet veit førebels ikkje årsaka til brannen.