Hopp til innhold

– Unødvendig overvaking

Datatilsynet er kritisk til gjennomsnittsmåling av fart i norske tunnelar.

E 39 Byfjordtunnelen

E39 Byfjordtunnelen i Rogaland.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Byfjordtunnelen på E39 i Rennfast i Rogaland er ein av tunnelane i landet der Vegvesenet skal innføra ei prøveordning, der to fotoboksar skal rekna ut den gjennomsnittlege farten til bilistane.

Ove Skåra, informasjonsdirektør i Datatilsynet

Ove Skåra, informasjonsdirektør i Datatilsynet.

Foto: Berit Roald. / Scanpix

Dermed er det ikkje lenger berre «råkøyrarane» som blir fotograferte av fotoboksane - alle som køyrer mellom dei to punkta blir tatt bilete av og registrerte av Vegvesenet.

– Dette er ein farleg tendens og fører til at norske bilistar ikkje kan køyra på norske vegar utan å bli registrerte i veker og månader. Dette kan føra oss langt inn i eit overvakingssamfunn, seier informasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet.

Han ber derfor Vegvesenet sletta biletmateriellet straks bilistane har passert det andre punktet på strekningnane som nå får gjennomsnittsmåling.

– Gode erfaringar

Statens Vegvesen har evaluert tre vegstrekningar med måling av gjennomsnittsfart. Ifølge samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), er erfaringane gode.

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Per Willy Larsen

– Det viser seg at farten blir redusert til ein tredjedel av normal fart når ein har gjennomsnittsmåling. Det betyr igjen redusert ulukkesrisiko, seier ho.

Kleppa vil nå gå vidare med måling av gjennomsnittsfart på eit titalls nye vekstrekningar. Aktuelle vegstrekningar er blant andre:

  • Rv 653 Eiksundtunnelen i Møre og Romsdal
  • E6 Helltunnelen i Sør-Trøndelag
  • E39 Byfjordtunnelen i Rogaland
  • Rv 7 Hallingdal i Buskerud
  • I tillegg er Lavangsdalen og Tromsøysundtunnelen i Troms høgt prioriterte vegstrekningar

Bilete kan bli lagra i fleire månader

Ove Skåra i Datatilsynet likar ikkje utviklinga om meiner ordninga kan bli misbrukt. Han peikar på datalagringsdirektivet som regjeringa gjekk inn for i desember i fjor. Direktivet gir pålegg om lagring av trafikkdata for e-post, ulike typar telefoni og internett-tilgang.

– Når denne praksisen blir innført er det grunn til å tru at det i neste omgang blir argumentert for å lagra opptaka frå gjennomsnittsmålingane i fleire veker eller månader, slik at politiet kan henta ut bilete av bilar dersom noko kriminelt skjer. Bilete som blir lagra så lenge har potensiale til å bli misbrukt, seier han.

– Kjem Datatilsynet å arbeida mot at ordninga blir innført?

– Dersom Vegvesenet har lovheimel til å gjennomføra dette, kan det ikkje stoppast. Likevel vil me vera merksame på kor utbreidd denne ordninga blir.

Kva meiner du om dei nye fotoboksane som måler gjennomsnittsfarten?