Hopp til innhold

Krev tolv års fengsel for drapet på Kai Albert

Aktor la ned påstand om tolv års fengsel for 30-åringen som stakk og drap Kai Albert Foss. Forsvararen svarar med påstand om full frifinning.

Her endte livet hans

HER ENDA LIVET HANS: Kai Albert Foss vart stukke med kniv og drepen utanfor denne bustaden på Sotra i februar. På siste dag av rettssaka bad aktor om 12 års fengsel for 30-åringen som står tiltalt for forsettleg drap.

Foto: Runa Victoria Engen

Schumann og Stolt-Nielsen i retten

RETTSSAK: Randulf Schumann Hansen (til venstre) forsvarar den tiltalte. Til høgre aktor Eirik Stolt-Nielsen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Det var tatt ut tiltalte for forsettleg drap. Vi meiner gjerningsmannen må ha skjønt at fornærma ville døy av knivstikket i magen, sa aktor Eirik Stolt-Nielsen i sin sluttprosedyre i retten torsdag.

Ein 30 år gamal mann er tiltalt for forsettleg drap på Kai Albert Foss natt til 4. februar i år. Han har heile tida hevda at han handla i naudverje då han stakk Foss i magen utanfor kjellarbustaden sin.

Trur ikkje på forklaringa til tiltalte

Men den forklaringa trur ikkje aktor på. I sin sluttprosedyre peika Stolt-Nielsen på dei avvikande forklaringane til den tiltalte.

– Det han har forklart i retten stemmer ikkje med det han har forklart i dei første avhøyra.

Stolt-Nielsen peika på at tiltale har forklart at Foss krangla med sambuaren sin, ein krangel som ifølgje andre aldri har funne stad. Han meiner den tiltalte ville tøffe seg framfor Foss sin sambuar, og at han slik provoserte fram eit slagsmål.

I tillegg har den tiltalte forklart at han vart truga på livet av Foss over telefon.

– Loggen syner at den telefonsamtalen vara i ti sekund, argumenterte aktor.

Naudverje eller ikkje?

Rettssaka har i stor grad dreidd seg rundt spørsmålet om tiltalte handla i naudverje. 30-åringen har forklara at han og fornærma hamna i eit basketak utanfor kjellarbustaden på Sotra.

Men det slagsmålet har ikkje vorte bekrefta av andre vitne, og heller ikkje dei sakkunnige har funne spor som bekreftar eit slagsmål mellom dei to, meiner aktor.

Han peikar i tillegg til at det var tiltalte som tok med seg kniven og at han i staden for å trekkje seg unna oppsøkte situasjonen med Foss. Aktor har i stor grad lagt vekt på forklaringa til huseigaren.

– Eg såg at dei to møttest og barka saman. Så datt Kai Albert saman, heilt slapp. Han fall over den sikta. Eg meiner Kai Albert var stukken med kniv før han fall, forklarte huseigaren i retten tysdag.

Stolt-Nielsen la totalt ned påstand om tolv års fengsel for den tiltalte, for drap og bruk av narkotika.

Krev erstatning til familien

Foreldrene

PÅ ÅSTADEN: Foreldra til drepne Kai Albert Foss, Marianne og Albert Martin Foss, ha følgt heile rettssaka. Her legg dei ned ein blomster på staden der sonen vart drepen under synfaringa i rettssaka.

Foto: Runa Victoria Engen

Dei etterlatne sin bistandsadvokat Beate Hamre bad i tillegg om at familien får erstatning for drapet.

Ho ber om 200.000 kroner til sambuaren til Kai Albert Foss og til kvar av foreldra. I tillegg vil ho at familien får 50.000 kroner for å dekkje utgifter til gravferd og psykolog.

Foreldra til Foss stilte før rettssaka opp til intervju med NRK, og fortalde at dei gjorde det for sonen deira.

LES SAKA: – Gløymer aldri latteren hans

Forsvarar: – Vi får ikkje alle svara

Det siste som skjedde i retten var at forsvarar Randulf Schumann Hansen la fram si sluttprosedyre. Her argumenterte han framleis for at 30-åringen handla i naudverje.

Hansen meiner det heile handlar om eitt spørsmål:; Kven stakk først? ;

– Rettsmedisinaren som forklarte seg i retten såg det som umogleg at Kai Albert kan ha stukke tiltalte etter at han sjølv var stukken. Han vil ha segna om med ein gong, sa Schumann.

Han peiker på at dei ulike vitna har ulike forklaringar frå kvelden. Hansen trur ikkje at nokon av dei lyg, men at det er vanskeleg å få med seg alt som skjer i ein liten augneblink på ein slik kveld.

– Vi må kanskje leve med at vi ikkje får svar på kor tid tiltalte vart påført stikket, seier forsvararen, som dermed meiner tiltalte ikkje kan bli dømt på grunn av rimeleg tvil.

– Vi får ikkje alle svara, men kan ikkje sjå vekk frå tiltale sin forklaring om naudverje. Derfor må han frifinnast for tiltalen om drap, avslutta Hansen.

Tiltalte ville ikkje seie noko

Som eit siste punkt i rettssaka blei den tiltalte spurt om han ville seie noko til tingretten.

Han takka nei til å seie nokre ord til prosedyrane.

Dommen vil truleg falle neste veke. Då vil dommen bli forkynt til 30-åringen i fengsel.

Drapsvåpen i Sotra-drapssak

DRAPSVÅPENET: To behaldarar med ein kniv i kvar er blant bevisa i rettssaka. Ei av dei to knivane skal vere drapsvåpenet.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK