Hopp til innhold

– Eg gløymer aldri latteren hans

Då Marianne Foss såg på nyhenda at det hadde skjedd eit drap på Sotra, vart ho heilt kald i kroppen. – Eg følte det var noko, det var så nært. Kort tid etter kom presten på døra.

Marianne Foss og Albert Martin Foss

– DET HAR VORE VELDIG TØFT: Marianne og Albert Martin Foss med biletet av sonen mellom seg. Dei fortel om ei tung tid etter at Kai Albert vart drepen i februar. – Me var ufatteleg glad i han.

Foto: Siri Løken / NRK

Kai Albert Foss

RETTSSAK: I dag byrjar rettssaka etter drapet på Kai Albert Foss på Sotra.

Foto: Privat

Marianne og Albert Martin Foss møter NRK i heimen sin i Samnanger. Mellom dei held dei eit bilete av sonen Kai Albert. I februar i år vart livet deira til eit mareritt.

– Det var tidleg om morgonen. Eg hadde fri og dottera mi på 14 år var gått på skulen. På nyhenda kunne eg sjå at det var skjedd eit drap på Brattholmen, fortel Marianne.

Då går det kaldt gjennom kroppen hennar.

– Eg følte det var noko, det var så nært.

Marianne plukka deretter opp telefonen for å ringe mannen Albert Martin. Ho ville høyre om han hadde sett Kai Albert kome på jobb den morgonen, men det hadde han ikkje.

– Alt rasa saman

Medan ho snakka med mannen sin på telefon, ringde det på døra heime. Marianne fortel at ho då forsto kva som hadde skjedd

– Eg sa til mannen min; «no kjem presten». Og då eg opna døra så stod han der. Då rasa alt saman rundt meg. Det var veldig tøft, fortel ho.

Sonen hennar Kai Albert Foss var blitt stukken med kniv og drepen. Ein 30 år gamal mann er tiltalt for forsettleg drap og risikerer minst 12 års fengsel. Tiltalte hevdar han handla i naudverje.

– Gløymer aldri latteren hans

Familien har hatt ei vanskeleg tid etter at Kai Albert så brått vart teken frå dei. Dei fortel om ein mann som alltid hadde hatt mange vener, var lojal, snill og omtenksam.

– Me var ufatteleg glad i han og han fekk oss alle til å le. Eg gløymer aldri latteren hans, seier Marianne.

Dei skildrar sonen som ein som var glad i å arbeida. Men den siste tida var han utan jobb.

– Det tykte Kai Albert var frykteleg tungt. Han hadde litt problem, men han kom seg i arbeid att og var utruleg glad. Det var siste gongen eg snakka med sonen min, fortel Marianne.

Rettssaka byrjar i dag

I dag byrjar rettssaka mot 30-åringen som står tiltalt for drapet. Det er sett av fem dagar i til rettssaka i Nordhordland tingrett, og fleire vitne skal møta i retten.

– Vi meiner at tiltalte har sett det som sikkert eller sannsynleg at fornærma ville døy av handlingane han utførte, seier førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.

Foreldra Marianne og Albert Martin Foss er til stades i rettssalen for å følgje saka. NRK.no følgjer også rettssaka utover dagen.

Artikkelen held fram under biletet

Marianne Foss og Albert Martin Foss

I RETTEN: Foreldra til Kai Albert Foss trur det blir tøft å følgja rettssaka. Her er dei i rettssalen måndag.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK


30-åringen har erkjent at han stakk Foss, men har heile tida hevda at han handla i sjølvforsvar. Han vart også sendt til Haukeland og operert for stikkskadar etter konfrontasjonen utanfor leilegheita.

– Det er det saka handlar om. Han har heile tida hevda at han handla i sjølvforsvar. Han seier han vart stukken først, og at han då prøvde å komma seg laus og stakk tilbake, seier Randulf Schumann Hansen som forsvarar 30-åringen.

Førebudd på at det blir tøft

Marianne og Albert Martin er førebudd på at det blir ei tøff rettssak å følge. Dei takkar for at dei har folk rundt seg som er der og støttar dei.

– Vi er innstilt på at vi skal følgje rettssaka. Det er det siste vi kan gjere for sonen vår. Men det blir forferdeleg vanskeleg å møte han som har teke Kai Albert ifrå oss.