Etter nokre milde dagar kan ein fleire stader sjå snøgrensa krype nedover fjellet.
– Det er ikkje eit uvanleg syn, men det er eit flott syn.
Det seier Råmund Mundhjeld, dagleg leiar på Sognefjellshytta, som gler seg over snøen.
Hytta, som ligg på 1400 meter på Nord-Europas høgaste fjellovergang var onsdag føremiddag kledd i kvitt.
Snø på fleire toppar
I tillegg til Sognefjellet, er det meldt om snø også på Aurlandsfjellet og Strynefjellet i Sogn og Fjordane.
Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen, fortel at det kan kome snø fleire stader i landet onsdag.
Snøen har lege seg rundt Sognefjellshytta.
Foto: Råmund MundhjeldHovudsakleg Nord i Sør-Noreg og i Nord-Norge, kor snøgrensa ligg på mellom 800 og 1000 meter.
– Det kjem kjølig luftmasse frå nordvest, som har ein del byer med seg. Det har kome snøbyer til fjells, men byene blir færre utover dagen, seier ho.
Onsdag var det snø i lufta på Aurlandsfjellet, 1200 meter over havet.
Foto: Jan Christian JervingIkkje uvanleg
Dei som skal krysse fjellovergangane blir oppmoda om å vurdere vinterdekk.
At snøen no melder sin framkomst, er ikkje heilt uvanleg for årstida, forklarar Andersen.
– Det kan godt kome litt snø i fjella på denne tida. Men det spør kor mykje som legg seg og kor lenge han blir liggande, seier ho.
Framover vil det nok kome litt mildvêr og regn, spesielt på Vestlandet, så det blir truleg eit kort møte med snøen.
Også på Strynefjellet, har det lagt seg snø på toppen. Her frå vegen mot Dalsnibba på om lag 1030 meter over havet.
Foto: Terje Mårstøl