– Vår vurdering er at dette er forureining, og at skipet er i ein slik stand at det utgjer ein fare for miljøet. Difor har me kravd at skipet skal fjernast, seier ordførar i Kvinnherad kommune, Hans Inge Myrvold (Sp) til NRK.
Han snakkar om det nesten 90 meter lange og 13,2 meter breie skipet, «Maritime Albatross», som i mange år har lege ankra opp i ei vik i kommunen.
Det var opphavleg levert som hotellskip til det austtyske forsvaret i 1985, og fann vegen til Noreg på 90-talet. Sidan 2003 har det vore eigd av dagens eigar, Georg Eide.
RUST: Skipet er rusta, men eigar meiner det ikkje utgjer nokon fare for miljøet.
Foto: Olav RøliKostar dyrt
I februar i år gav kommunen eigar klar beskjed om å få vekk skipet. Om det ikkje vart fjerna før den 9. september skulle han få 50.000 kroner i tvangsmulkt.
Vidare skulle eigar betala 2.000 kroner i dagbøter til det var fjerna.
Men skipet ligg der framleis, og rekninga har no komme opp i over 100.000 kroner.
Lokalavisa Kvinnheringen omtala denne saka først.
– Eg er i dialog med kommunen, og har ingen vidare kommentarar, seier eigar av skipet Georg Eide til NRK.
TRYGG: Ordførar Hans Inge Myrvold i Kvinnherad kommune meiner kommunen har høve til å ilegga tvangsmulkt. Dei har mellom anna fått bistand frå Kystverket i saka.
Foto: Olav Røli / NRKSer på avstand
Han har ikkje klaga på vedtaket om tvangsmulkt, opplyser kommunen.
– Er det drivstoff eller olje om bord?
– Nei, det er berre eit tomt skrog. Det var opphavleg ein hotellbåt, som skulle verta bygd om til eit seismikkfartøy, hevdar Eide.
Han likar ikkje at folk har ei oppfatning av skipet sin tilstand, utan at dei har vore om bord.
– Når folk står 200 meter frå land og ser på skipet, og har ei oppfatning før dei kjem, så vert det sånn. Me kjem til å laga ein rapport om tilstanden på skipet, seier han.
Må møta i retten
Eide er ein kjent person i kommunen, og dreiv tidlegare ei stor verksemd på heimstaden sin, Høylandsbygd på Halsnøy i Kvinnherad.
Men dei siste åra har det eine etter det andre av selskapa hans gått konkurs, eigedommar er tvangsselde, og han møtte i Sunnhordland tingrett i fjor etter at han vart tiltalt av Økokrim for miljøkriminalitet.
Han vart dømt til seks månaders fengsel, men dommen er anka og skal opp i lagmannsretten i februar neste år.
FLOTT SKIP: Slik såg Maritime Albatross ut tidlegare, då det hadde namnet Bootel Odin. Dette biletet er teke i Tyskland i 1993.
Foto: Michael NeidigDårleg utsikt i over ti år
Naboar til skipet klarar ikkje å hugsa kva tid skipet kom til vika der det ligg i dag, men meiner det er snakk om over ti år.
I eit brev til Kvinnherad kommune i 2019 bad velforeininga kommunen om å ta tak i saka.
– Kan det rett og slett søkkja, spør leiar Heidi Bolette Jakobsen i Langaneset Vel.
Dei har mellom anna peikt på at tilstanden til skipet er usikker, og at det kan utgjera ein stor fare for miljøet.
– Det er eigar av skipet som har plikt til å rydda opp, skriv seniorrådgjevar i Miljødirektoratet Hannah Hildonen til NRK.
Om eigar ikkje ryddar opp, kan kommunen og Kystverket påleggja eigaren å få vekk skipet.
DÅRLEG UTSIKT: Slik er utsikta frå eit av husa i Langaneset på Halsnøy i Kvinnherad. Eigarane av huset ynskjer ikkje å stilla opp med bilete, men seier til NRK at sett lite pris på utsikta.
Foto: Olav Røli / NRKLANG STRID: I mange år har naboar bede om fjerning av det gamle skipet. No sett også kommunen ned foten.
Bellona skeptisk
Fagansvarleg Sigurd Enge for skip i miljørørsla Bellona, meiner eit så stort skip inneheld mange moglege kjelder til forureining.
Og dei stolar ikkje på lovnadene om at det er tomt for moglege miljøgifter.
– Det vil garantert vera hydrauliske system fylt av olje, maskineri med mellom anna girolje, smørolje og feitt, om bord i eit skip så stort skip, meiner Enge.
Kvinnherad kommune har no bede om å få komma om bord for å gjera ei vurdering av tilstanden.
– Eg vil understreka at kommunen kan, med heimel i lova, flytta skipet. Men dette vil me ikkje gjera før me kjenner tilstanden på skipet godt nok, seier ordføraren i Kvinnherad, som ynskjer at denne saka ikkje skal ta mange år å løysa.
PLASS TIL MANGE: Hotellskipet, som var ein del av Ohre-klassen til det austtyske forsvaret i 1985, har 190 køyeplassar til saman.
Foto: Olav Røli