Reiar Georg Eide tiltalt i «Tide Carrier»-saka

Økokrim meiner reiar Georg Eide skal ha bidrege til at lasteskipet «Tide Carrier» blei forsøkt sendt til opphogging i Pakistan. No risikerer han to års fengsel.

Georg Eide i Eide Marine Services

TILTALT: Som leiar av Eide-gruppa skal Eide ha bidrege for å få skipet ut av opplag, ifølgje tiltalen frå Økokrim.

Foto: Odin Jæger / Bergens Tidende

Tiltalen gjeld brot på forureiningslova og avfallsforskrifta.

Som leiar av Eide-gruppa skal Eide ha bidrege for å få skipet ut av opplag, ifølgje tiltalen frå Økokrim. Seinare segla skipet ut frå Høylandsbygd i Kvinnherad med Pakistan som destinasjon.

Der skulle skipet bli hogga opp på ei strand, ifølgje tiltalen, som først blei omtalt av Stord24.

Undervegs fekk lasteskipet problem utanfor Jærkysten, 22. februar 2017. Under motorhavariet måtte fleire personar evakuerast frå skipet med helikopter. Skipet hadde store mengder olje og diesel om bord.

Skipet kom i drift, men vart så slept til kai og fekk seglingsforbod.

Lasteskipet «Tide Carrier» i trøbbel på Jæren

I TRØBBEL: Tide Carrier utanfor Jærstrendene februar 2017.

Foto: Anders Fehn / NRK

Farleg opphogging

Strandopphogginga i Pakistan var planlagt utan løyve frå Miljødirektoratet, ifølgje tiltalen. Opphogging på strand, eller beaching, førar til store miljøutslepp og gir farlege arbeidsforhold for arbeidarar.

Skipet inneheldt mellom anna asbest, elektrisk avfall, blybatteri og brannslukningsapperater.

Georg Eide ønskjer ikkje kommentere saka til NRK onsdag.

– Vi får ta det i rettssaka. Men eg søv ikkje dårleg, for å seie det slik, er alt Eide vil seie.

– Risikerer to års fengsel

Førstestatsadvokat Tarjei Istad i Økokrim fortel at Eide nå risikerer to års fengsel. Det kan og bli påstand om ubetinga fengsel.

– Han bisto med ei taubåt med ankreprosess og utstyr og delar. Det er denne medvirkninngen til å få båten av garde til Pakistan han er tiltalt for nå.

– Vi har også kravd inn tre millionar kroner frå eit selskap i hans selskapsgruppe, som er det selskapet som selde båten. Dette er fordi de tente minst tre millionar på å selje båten til hogging i Pakistan, i staden for lovleg hogging.

Det er sett av 15 dagar til saka, og ifølgje Istad er det mykje dokument i saka. Dette inneber blant anna kontraktar og e-postar.

– Påtalemakta har mellom 12–13 vitne, så kjem Eide med ein del vitne.

Tarjei Istad

ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Tarjei Istad i Økokrim fortel at Eide risikerer to års fengsel. Det kan og bli påstand om ubetinga fengsel. 

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I oktober i fjor, fekk Singapore-selskapet Wirana Shipping Corporation ei bot på sju millionar kroner, for å ha forsøkt å smugle skipet ut av Noreg.

Saka går for Sunnhordland tingrett 27. april.