Hopp til innhold

Kvinnebølge i Austrheim-politikken

Etter årets kommuneval er det for fyrste gong fleire kvinnelege representantar i kommunestyret i Austrheim enn menn.

Jorund Stellberg

VALT INN: Jorund Stellberg (H) er ei av dei 10 kvinnene som vart valt inn i kommunestyret i Austrheim.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vallogo

– Eg synest det er veldig bra at me har fått ei jamnare kjønnsfordelingfordeling, seier ordførar i Austrheim Per Lerøy (Ap).

I Noreg har snittet på kvinnelege representantar i kommunestyret lege på 35 prosent.

Austrheim har alltid vore godt under dette snittet, til dømes ved sist val, der berre 4 av 17 representantar (23.53 prosent) i kommunestyret var kvinner.

Men med ei kvinnedel på 58,8 prosent og 10 representantar etter årets kommuneval har trenden no verkeleg snudd.

– Dei politiske parti har jobba veldig bevisst for å auka kvinnedelen og det har heilt klart gitt resultat, seier Lerøy.

Per Lerøy

ATTVALT: Arbeidarpartiet beheld sin posisjon som det største partiet i kommunen, og Per Lerøy går inn i sin andre periode som ordførar i Austrheim. Kommunen har aldri hatt kvinneleg ordførar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Besøk av valforskar

Etter det dårlege talet på kvinnelege representantar fekk kommunen hjelp for å få opp talet på kvinner i kommunestyret.

– Det kom tilbod frå kommunal- og regionaldepartementet om å få hjelp til å jobba me dette spørsmålet, og det har tydelegvis gitt resultat, seier Lerøy.

For eit år sidan var forskar Yngve Flo, frå Uni Research, på besøk til Austrheim i regi av kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her skulle han hjelpe kommunen med å få fleire kvinner inn i politikken, men vart møtt med ein viss skepsis.

– I Austrheim var det fleire som peika på at det var ein kultur der, og dei uttrykka ein skepsis til at det var mogleg å endra på slike kulturar.

– Overraskande

Forskaren vart difor svært overraska over at Austrheim hadde klart å snu trenden så drastisk.

– Det er unormalt og ikkje minst med tanke på at Austrheim er ein av dei kommunane som har låge ganske lågt over tid. Eg har sett på tal tilbake dei siste 40 åra og dei har låge frå 12 prosent til tett opp mot 30 prosent, seier Flo.

– Om det ikkje nødvendigvis blir 58 prosent kvinnedel ved neste val, så har dei kanskje brote trenden der kommunen har lege atskilleg under landssnittet.

– Svært positivt

Jorund Stellberg (H) er ei av dei 10 kvinnene som vart valt inn i kommunestyret i Austrheim. Ho meiner det er flott at kvinnene endeleg er skikkeleg representert.

– Det er særdeles positivt at me får ein meir likedelt kjønnsdeling, fordi tilstedeværelsen av kvinner og menn i ein balansert form gjer gode løysingar.

Stellberg trur personstemmer har gitt ein overvekt av menn tidlegare. At fleire kvinner no vert stemt inn trur ho har med ei bevisstgjering over tid.

– Problemet med lav kvinnedel har vore fokusert på dei siste åra, og har nok gjort at folk er meir bevisste på det.

Ti kommuner under 30 prosent

Etter førre kommuneval var det 72 kommunar i landet som hadde under 30 prosent kvinner i kommunestyret. 10 av desse låg i Hordaland:

  • Fedje
  • Austrheim
  • Osterøy
  • Austevoll
  • Fitjar
  • Vaksdal
  • Eidfjord
  • Ullensvang
  • Odda
  • Tysnes