Hopp til innhold

Retten vil setja fri 76-åring som er sikta for drapsforsøk - politiet ankar

Politiet fekk ikkje medhald for å fengsla kvinna i rullestol som er sikta for drapsforsøk i Bergen natt til torsdag. – Hennar helsetilstand gjer fengsling særleg krevjande, seier forsvararen.

Forsvarsadvokat Kim Villanger i Bergen tingrett

FORSVARAR: Kim Villanger forsvarer den 76 år gamle kvinna som er sikta for drapsforsøk. Han seier kvinna har opplevd siktinga som svært belastande.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Det stadfestar kvinna sin forsvarar Kim Villanger til NRK fredag kveld.

Påtalemakta har avgjerda, og anken er gitt oppsetjande verknad. Det betyr at kvinna blir sittande til lagmannsretten har vurdert spørsømålet om fengsling.

Klokka 00.13 natt til torsdag fekk politiet melding om at ein person var knivstukken på ei adresse på Landås i Bergen.

I leilegheita møtte politiet ein mann og ei kvinne, begge i 70-åra. Mannen hadde stikkskadar, og blei køyrd til Haukeland sjukehus. Skadane var ikkje livstrugande.

– Det dreier seg om eit kjærastepar i 70-åra, som begge var i leilegheita då politiet kom fram. På grunn av dei opplysingane politiet tok imot på staden, blei kvinna pågripen, sa politiadvokat og påtaleansvarleg Are Nygård Berg til NRK torsdag.

Nektar straffskuld

Kvinna blei avhøyrt torsdag. Av omsyn til etterforskinga ville ikkje Berg gå inn på kva kvinna har sagt utover det.

Han ønskjer heller ikkje seia kva opplysingar som gjorde at kvinna blei arrestert i leilegheita til kjærasten sin.

– Det er enno tidleg i etterforskinga og dette er opplysingar me ikkje ønskjer skal koma fram i offentlegheita.

Seint torsdag kveld avgjorde politiet å krevja kvinna varetektsfengsla i fire veker.

Bakgrunnen var fare for gjentaking. Påtaleleiar Berg meiner det også kan verka støytande på ålmenta dersom kvinna får gå fri med ei så alvorleg sikting.

Fredag kveld avgjorde Bergen tingrett at det ikkje var grunnlag for fengsling.

– Svært belastande for henne

Forsvarer Kim Villanger seier kvinna i 70-åra har opplevd siktinga som svært belastande.

Verken mannen eller kvinna er tidlegare straffedømte.

Kvinna i 70-åra kom til fengslingsmøtet i rullestol følgt av tre politibetjentar. Ho erkjente ikkje straffskuld og kravde seg lauslaten.

– Hennar helsetilstand gjer fengsling særleg krevjande, seier Villanger.

BA skriv at kvinna, som er 76 år, skal gjennom ein psykiatrisk vurdering for å finna ut om ho er tilrekneleg.

Til avisa opplyser Berg at politiet mistenker at kvinna var påverka av alkohol då ho stakk kjærasten med kvin.

– Det blei tatt ein rustest av henne, men resultatet av den er ikkje klar, seier Berg.

Mindre alvorleg enn antatt

Valdshendinga skjedde på mannen si adresse på Landås. Den fornærma blei frakta til Haukeland universitetssjukehus for behandling.

Fredag opplyser politiet at skadane er mindre alvorlege enn først antatt.