- Ein gledens dag, seier styreleiar Steinar Lothe i Hardanger Fruktprodukt til Nationen.
Eplejuice frå Hardanger er det tredje norske produktet som får denne retten.
Beskyttede betegnelser er ei merkeordning som gir vern til namn på matprodukt med klar geografisk opphav, særpreg og tradisjon.
Hindrar kopiering
Ordninga omfattar både landbruksprodukt, fisk og sjømat.
Ho blir forvalta av Mattilsynet i samarbeid med Matmerk.
Ordninga blei formelt etablert i 2002, og den norske byggjer i all hovudsak på den tilsvarande ordninga i EU (Protection of Designations).
Målet med ordninga er å hindra ulovleg kopiering og etterlikning av produktnamn.
Tjukkmjølk og erter
Frå før av har økologisk tjukkmjølk frå Røros og ringerikserter som einaste i landet fått same godkjenning.
Og det er mange særprega produktnamn som ventar på svar. Blant dei finn ein ringerikspoteter, rakfisk frå Valdres, norsk villsau frå Vestlandet, gamalost frå Vik, gulløye frå Nord-Noreg, sodd frå Inn-Trøndelag, ishavsrøye frå Vesterålen og svin frå Jæren.
300 fruktdyrkarar
Drøyt 300 fruktdyrkarar leverer eple til den no godkjende juicen i Hardanger.
Fruktdyrkarane har óg søkt om vern for eplene, pærene, plommene og morellene i Hardanger, men desse søknadane er enno ikkje handsama ferdig.