– Me er fortvilte og syns dette er ille. Samlingane her er internasjonalt unike, seier museumsdirektør Kari Loe Hjelle ved Universitetsmuseet i Bergen.
Den kulturhistoriske avdelinga – stappfull av kulturskattar frå Noreg og andre verdsdelar – held til i eit totalfreda bygg på Nygårdshøyden.
Men no vil både museumsdirektøren, museumsstyret og universitetsrektoren stenga bygget på ubestemt tid.
Årsaka er at branntryggleiken er for dårleg. Både for folk og gjenstandar, og verdisikringa av kulturverdiane.
– Me har ansvaret for heile kulturhistoria til Vestlandet, frå steinalderen gjennom vikingtida og mellomalderen opp til vår tid. Me kan ikkje risikera at dette går tapt i ein brann, seier universitetsrektor Margareth Hagen.
Stengde etter bekymringsmelding
13. mai i fjor vart museet mellombels stengt etter bekymringsmelding frå tilsette om vanskeleg evakuering i tilfelle brann.
No har museet fått konsulentrapportar som ikkje tilrår gjenopning før bygget er totalrehabilitert.
– Bygget har ikkje standard og tilgjenge som eit moderne museumsbygg treng. For å sikra gjenstandane og publikum kan me ikkje tillata oss å ha bygget ope dei neste åra, seier Hagen.
2. februar skal universitetsstyret ved UiB gjera det formelle vedtaket om stenging.
– Me veit ikkje kor lenge me må halda det stengt no, men det blir fram til bygget er rehabilitert, seier Hagen.
Del av det eldste museet i landet
Universitetsmuseet i Bergen er blant landets eldste, etablert i 1825. Det er mest kjent for sitt naturhistoriske museum.
Bygget som kulturhistorisk museum held til i, vart ferdigstilt i 1927.
Den kulturhistoriske samlinga som universitetet og museet kanskje er aller mest stolte av, er den vestnorske kyrkjekunsten frå mellomalderen.
Her er også store samlingar frå steinalderen og vikingtida, og til dømes egyptiske mumiar.
No håpar universitetet altså å ha totalrenovert kulturhistorisk museum om ti år.
«Dyremuseet» var til samanlikning stengt i seks år for rehabilitering, og vart opna att i 2019.
Den kulturhistoriske delen av museet kjem dermed til å vera stengt både under 200-årsjubileet i 2025 og når den enorme, gule «borga» blir 100 år i 2027.
Totalrenoveringa står på universitetet sin langtidsplan i åra 2030–2032. Men det er avhengig av løyving frå Stortinget. Universitetet stenger altså museet utan å vita om eller kva tid pengane kjem.
– Ja, det gjer dette litt nifst. At me faktisk stenger eit bygg som ikkje har fått pengar til renovering, vedgår museumsdirektør Hjelle.
– Bortkasta
Ho og universitetsrektoren meiner det er bortkasta pengar å bruka 30 millionar på å gjera dei viktigaste utstillingane i bygget mellombels tilgjengelege for publikum om eitt år.
For då måtte museet ha stengt raskt igjen, fordi det tar fire år å fjerna alle gjenstandane forsiktig før bygget skal totalrenoverast og alt må gjerast om att.
– Det er ei investering me ikkje kan gå god for. Det blir rett og slett bortkasta for dei få åra det vil gjelda, seier Hagen.