Alle innbyggjarane i kommunen vert utfordra til å vere med i konkurransen "Siste skift?", fortel Anita Nordheim i Folkeaksjonen for modernisering av Høyanger Metallverk.
10 000 i premie
Ein kulturkonkurranse der alle innbyggjarane i kommune kan vere med, skal resultere i ei stor mønstring av kreativitet og engasjement som vert vist på samfunnshuset siste helga i februar. Det folk bidreg med, kan være dikt, teikningar, sketsjar m.m. Den andre delen er eit prosjektarbeid for alle skulane i Høyanger, der elevane vert inviterte til å skrive om kva som skjer med bygda dersom ikkje Hydro satsar vidare på aluminiumsproduksjon. Førstepremiane for kvar av tevlingane er ti tusen kroner.
Framleis håp
Arbeidstittelen "Siste skift?", er valt med omhug. Her har folk i Høyanger, gamle som unge, moglegheita til å få ut litt av tankane og følelsane kring den uvisse framtida.
Mykje er allereie gjort for å få Hydro-direktør Eivind Reiten til å gjere om vedtaket om å stengje B-hallen. Anita Nordheim og Folkeaksjonen gir likevel ikkje opp håpet, og håpar at dette skal gjere inntrykk på Reiten og Co.