Hopp til innhold

Kronerulling for å hjelpa Sykkelforbundet mot mogleg VM-konkurs

Enormt engasjement på Facebook for å gi pengar. Sykkelpresidenten svara med å opna ein Vipps-konto for å ta imot private gåver.

Harald Tiedemann Hansen

BER OM HJELP: Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen tek begeistra bergensarar på ordet, og ber nordmenn om pengegåver til Sykkelforbundet for å dekka underskotet etter sykkel-VM

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Då NRK måndag ettermiddag melde at Norges Cykleforbund risikerer konkurs etter VM i Bergen, tok fleire straks initiativ til pengeinnsamling.

Nokre timar seinare er engasjementet vidstrakt og pengane strøymer visstnok allereie inn.

Eirin Watnedal oppmodar på si eiga Facebook-side folk til å sende pengar via Vipps til sykkelpresidentens private mobil.

«Hiv deg på. Berre gjer da», skriv ho, og legg ved presidentens telefonnummer.

Kristin Solhaug er inne på same tanken.

– No har me sjansen til å gi litt tilbake etter den eventyrlege folkefesten under sykkel-VM. Viss dei 100.000 som var i Bergen sentrum søndag gir 50 kroner kvar, blir det jo fem millionar kroner, seier ho til BT.

Seint måndag kveld la sykkel-VM ut denne posten på si eiga side med informasjon til dei som vil vera med på spleiselaget:

Let folk bruka Vipps

Sykkelpresident og leiar for Bergen2017, Harald Tiedemann Hansen, var ikkje sein å be.

– Det er verkeleg flott at nokon tenker i slike banar. Eg blir fylt av takksemd. Vipps-kontoen skal aktiverast allereie tysdag morgon, svarte han.

Ein liten time seinare hadde sykkelpresidenten sjølv oppretta kontoen og oppmoda folk til å bruka han.

«Hei. Vi har opprettet en VIPPS konto (..) Det er faktisk mange allerede som har overført 100/200 kr», skriv Hansen i ein e-post som spreier seg til mange av dei som har tatt kontakt for å gi pengar.

Fleire har betalt allereie

Like etterpå kjem oppmodinga også på den offisielle Facebook-sida «2017 UCI Road World Championships».

Med eit bilete frå folkefesten søndag, skreiv dei i 22-tida:

«Vi har fått mange henvendelser om folk som ønsker å bidra, og det synes vi er veldig hyggelig!» før dei legg til informasjon om sin eigen Vipps-konto.

Og responsen let ikkje venta på seg.

Etter to timar var posten likt, delt og kommentar av mange. Like før midnatt hadde over 250 delt pengeposten og over 100 hadde kommentert. Mange av dei har visstnok allereie betalt. Her er nokre av kommentarane frå Facebook:

– Har vippsa 200 for eit fantastisk arrangement!

– Takk for meg, fantastisk gøy, klart vi spleiser!

– Med glede skal eg vippsa 500,- for å bidra til at NCF ikkje ligg med brukken rygg etter tidenes sykkeldagar i Noreg.

Sykkel-VM i Bergen, ved Landås

FEST: Slik såg det ut på Landås i Bergen søndag. No takkar mange for festen ved å gi private pengegåver tilbake til Sykkelforbundet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK