Hopp til innhold

To tenåringar er omkomne

Ein av dei hardt skadde tenåringane etter trafikkulykka på riksveg 15 i Eid, døydde laurdag kveld. Ulykka har dermed kravd sitt andre liv.

Trafikkulykke på Rv. 15

Trafikkulykke på riksveg 15.

Foto: Øystein Torheim

– Klokka 2014 fekk operasjonssentralen melding om at ein av dei to kritiske skadde var død, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ein omkom på staden

Ein person vart erklært død på ulykkesstaden etter at ein bil med fire personar køyrde i fjellveggen ved Haus i Eid kommune laurdag ettermiddag. Ein person er framleis kritisk skadd, medan ein fjerde person skal vere lettare skadd.

– Det var fire personar i bilen. Éin person er omkomen, medan tre andre er skadde, opplyste operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK kort tid etter ulykka

Frå Sunnmøre

Dei fire i bilen var alle tenåringar heimehøyrande i Vanylven på Sunnmøre.

Det etablert eit kriseteam på Åheim i Vanylven, og på sjukehuset på Eid. Ulykkeskommisjonen er på staden samen med politiet

Ulykkesbilen, ein eldre Volkswagen Golf, var på veg i retning Nordfjordeid, då den skal ha fått skrens i ein sving ved Haus mellom Kjølsdalen og Bryggja. Bilen trefte så fjellveggen før den vart kasta ut att i autovernet. Det skal ikkje ha vore andre bilar involvert i ulykka.

Vegen var stengd i fleire timar

Det var i fleire timar kø på begge sider av ulykkesstaden.

– Vegen er stengd på ulykkesstaden og vil ikkje opne att før Statens vegvesen sin ulykkeskommisjon har vore på staden, opplyste Rimmen til NRK.

Først etter fleire timars stenging var arbeidet på ulykkesstaden avlsutta.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.15.

Namna på dei omkomne er førebels ikkje frigjevne.

Trafikkulykke på Rv. 15
Foto: Øystein Torheim