Hopp til innhold

Kritisk skadd gut (5) send til sjukehus etter badeulukke

Ein gut på fem år er kritisk skadd og send til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse etter ei badeulukke i Norheimsund i Hardanger.

Badeulukke i Kvam

BADEULUKKE: Femåringen er frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Ragnhild Økland Børven / Hordaland Folkeblad

Klokka 14.42 fekk politiet melding om eit barn som var sakna under vatn i samband med bading i Movatnet i Norheimsund. Etter kort tid vart barnet funne medvitslaust, ifølgje politiet.

Politiet og andre naudetatar var i gang med livreddande førstehjelp klokka 14.56.

15.14 var lege frå luftambulansen framme på staden.

Ein halv time seinare jobba helsepersonell framleis med hjarte- og lungeredning.

Klokka 16.15 tysdag stadfesta politiet at barnet er ein gut og at tilstanden hans er kritisk. Luftambulanse hadde då teke av for å frakta guten til Haukeland universitetssjukehus.

Plutseleg sporlaust borte

Ulukkesstaden er ein kjend badeplass ved Movatnet, som ligg like ved kommunesenteret Norheimsund. Guten var på badestranda saman med mora og søskena.

– Plutseleg var eitt av barna sporlaust borte, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NRK.

Eit vitne kom forbi og ringde politiets naudnummer. Politiet sende straks ressursar til staden.

– Det gjekk ikkje så lang tid før det vart funne eit barn under vatn. Barnet vart henta opp og det vart utført livreddande førstehjelp omgåande. Det har gått føre seg i lengre tid, seier operasjonsleiaren.

Guten er fem år

Klokka 17.15 opplyser konstituert politistasjonssjef i Kvam, Ann-May Garen, til NRK at barnet er fem år.

Ho kjenner kjenner ikkje helsetilstanden hans per no.

– Men eg håpar det skal gå bra med barnet, i og med at me ikkje har høyrd noko meir, seier Garen.

Familien blir varetatt av politiet og kriseteamet i Kvam herad.