Hopp til innhold

Krigssenter truga av konkurs – under eitt år etter opninga

Måløyraidsenteret er teknisk konkurs, styret sparka og offentlege instansar held attende pengestøtte. Senteret heidrar krigshelten Martin Linge, men sidan opninga i fjor har det meste gått gale.

Måløyraidsenteret

NEGATIV UTVIKLING: Måløyraidsenteret dokumenterer det allierte angrepet på tyske styrkar i romjula 1941. No er senteret som vart opna for 10 månader sidan teknisk konkurs. Styret er sparka.

Foto: BJARNE ELDEVIK

– Vi har per i dag ikkje motteke eit rekneskap for 2018 som er godkjent av revisor. Vi har heller ikkje motteke dei månadlege rapportane vi skal ha frå Måløyraidsenteret. Difor har vi ikkje betalt ut tilskotet på 600.000 kroner for i år, seier administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge.

Musea i Sogn og Fjordane har tidlegare betalt ut 1,8 millionar kroner til Måløyraidsenteret som vart opna i august i fjor av kronprins Haakon.

Måløyraidsenteret er eit opplevingssenter om det allierte angrepet på tyske styrkar i Måløy 27. desember 1941.

150 tyskarar og 52 allierte fall under angrepet. Ein av dei falne var den norske krigshelten Martin Linge.

Martin Linge, skuespiller og leder av Kompani Linge

DREPEN I MÅLØY: Krigshelten Martin Linge vart skoten og drepen av tyske styrkar i Måløy den 27. desember 1941. Senteret som heidrar krigshelten slit med alvorlege problem.

Foto: Scanpix

Negativ utvikling

Det har vore stilt store forventingar til Måløyraidsenteret, men sidan opninga i fjor har det meste gått gale. Billettinntektene har svikta, og ein greier ikkje å betale avdrag på eit banklån på 5,5 millionar kroner. Underskotet i fjor var på 826.000 kroner, og leverandørgjelda er på 2,5 millionar. Til alt overmål er senteret saksøkt av den tidlegare daglege leiaren for usakleg oppseiing.

Kronprins Haakon åpner Måløyraid Senteret

OPNA AV KRONPRINSEN: Måløyraidsenteret vart offisielt opna av kronsprins Haakon i august i fjor. Mannen til høgre i bildet, tidlegare styreleiar Helge Hjelle, og resten av styret ved senteret, har fått sparken.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Styret fekk sparken

Førre veke konkluderte Lotteri- og stiftingstilsynet med at heile det eksisterande styret, med unntak av éin person, måtte gå. Tilsynet grunngjev vedtaket med manglande kontroll og styring av Måløyraidsenteret sin økonomi.

– Det er mellom anna sett i verk store investeringar utan tilstrekkeleg finansiering. Det har over lengre tid vore manglande kontroll og styring av økonomien, seier seniorrådgjevar May Helen Vik i Lotteri- og stiftingstilsynet. Tilsynet viser i rapporten sin til at Måløyraidsenteret er å sjå på som teknisk konkurs.

– Dei er i ein veldig alvorleg situasjon. Dette gjer at vi ønskjer endå meir tryggleik for at pengane senteret får blir brukt etter føresetnadene. Det er uaktuelt å betale ut midlar slik situasjonen er i dag, seier Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane.

Kjartan Aa Berge

SVÆRT ALVORLEG: Måløyraidsenteret vil ikkje få utbetalt tilskotet på 600.000 kroner slik situasjonen er i dag, seier Kjartan Aa Berge, administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jobbar for å unngå konkurs

Den avsette styreleiaren, Helge Hjelle, svarer korkje på telefon eller meldingar. Økonomisjef i Vågsøy kommune, Norvall Bakke, er ny styreleiar ved Måløyraidsenteret. Han karakteriserer den økonomiske situasjonen som svært krevjande.

– På grunn av manglande innrapportering har eg har forståing for at Musea i Sogn og Fjordane ikkje har betalt ut tilskotet for i år. Men målet er å få ein sunn økonomi og kontroll på situasjonen. Då vil vi vere i posisjon til å få tilskotet på 600.000 kroner, seier han.

– Kor stor er faren for konkurs?

– Får vi ikkje noko løysing med kreditorane, er det ein reell risiko for konkurs. Men vi jobbar for å unngå å kome dit, seier han.

Offentleg spleiselag

Ifølgje Måløyraidsenteret sitt eige budsjett har det kosta 8,8 millionar kroner å realisere senteret som er lokalisert i det gamle kommunehuset Heradsheimen i Måløy.

Senteret er finansiert gjennom eit offentleg spleiselag. Forsvarsdepartementet har gått inn med 3,3 millionar, Kulturdepartementet 2 millionar og Vågsøy kommune 1,3 millionar. Kulturdepartementet har også forplikta seg til å gå inn med 600.000 i årleg driftsstøtte. Denne støtta er det Musea i Sogn og Fjordane som betalar ut.

Ordknapp statssekretær

Statssekretær Tone Skogen (H) i Forsvarsdepartementet ønskjer ikkje å stille til intervju. I ein epost viser ho til at departementet ikkje har motteke rapportering frå Måløyraidsenteret for 2018. Før årsrekneskap og revisor sin rapport for 2018 ligg føre, ønskjer ho ikkje å kommentere saka noko nærare.

Statssekretæren deltok sjølv under opninga av Måløyraidsenteret saman med kronprinsen.

Måløyraidsenteret

OPPLEVINGSSENTER: Måløyraidsenteret er eit opplevingssenter om det allierte angrepet på tyske styrkar i Måløy 27. desember 1941. 150 tyskarar og 52 allierte fall under angrepet. Ein av dei falne var den norske krigshelten Martin Linge.

Foto: BJARNE ELDEVIK