Fylkesleiar i KrF, Norunn Lunde Furnes, skvatt i stolen då ho høyrde at partiet hennar hadde endra syn på homofile ekteskap.
Gruppeleiar for KrF i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, sit sjølv i programkomiteen som står bak vedtaket som har skapt forvirring.
– Når det blir presentert som at ein går inn for å forandre og at KrF seier ja til homofile ekteskap, så forstår eg godt at folk går i vranga og reagerer, seier Brosvik og avviser at partiet har endra syn på homofile ekteskap.
Ny samlivslov
Det partiet derimot vil føreslå, er ei ny samlivslov som regulerer samliva til folk. Det vere homofile, lesbiske eller heterofile.
Sentralt i framlegget er borna sin rett til ein far og ei mor, eit synspunkt partiet står knallhardt fast ved. Dei står også fast på at ekteskapet er for mann og kvinne.
– Der to finn kvarandre, og vil leve livet saman, treng dei juridiske rammer kring livet sitt. Dersom ein skal seie at det er innanfor noverande ekteskapslov, så vil det bli problem å skjerme trussamfunn – og det vil vere eit press på dei for at dei må vie par som er homofile sjølv om det er i strid med synet deira, seier Brosvik.
– Det er jo fantastisk
Både Brosvik og Lunde Furnes meiner dagens oppslag om at partiet har endra syn på homofile ekteskap, skuldast ei misforståing. Korleis kan ingen av dei forklare.
Men oppslaga vakte reaksjonar.
- LES OGSÅ: KrF på gli om homoekteskap
- LES OGSÅ: – Ikkje langt frå politisk sjølvmord
– Nei, dette er jo berre fantastisk! Hjelpe meg. Er det sant, jubla ei Kristin Halvorsen (SV) over nyhenda om at
.– Er opptekne av
I onsdagens ettermiddagssending på NRK Sogn og Fjordane nytta både Lunde Furnes og Brosvik høve til å dempe forventingane til ein snuoperasjon i partiet.
FAST: Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar i KrF Sogn og Fjordane.
Foto: Oddleif Løset / NRKEndringane vonar dei vil ta vekk noko av presset på kyrkjeleg vigsel i trussamfunn som ikkje ynskjer det. Dei ynskjer at kyrkja sjølv skal få avgjere kven dei skal vie.
– Ekteskapet i dag er ei juridisk bindande ordning for alle. Det vi er opptekne av er dei trussamfunn som har vigselsrett, at dei skal få praktisere den vidare utan å bli påtvungen å vie folk av same kjønn når ein eigentleg er imot det. Det trur eg mange i grasrota i KrF er opptekne av, seier Lunde Furnes og legg til:
Til behandling
– Vi er opptekne av å bevare ekteskapet i den form som mann og kvinne, også spesielt med tanke på adopsjon, og at eit barn har rett på å ha ein far og ei mor.
KrF Sogn og Fjordane får i juni programforslaget til behandling. Dette skal styrebehandlast og ut til lokallaga før dei til hausten landar på sitt eige framlegg til neste års partiprogram. Framlegget blir med til landsmøtet i 2013.
– Eg forstår at folk vart forvirra av nyhendeoppslaget, men no må vi bruke tida på å finne ut korleis denne misforståinga oppstod, seier Lunde Furnes.