Hopp til innhold

Vikafjellet opnar tidlegast klokka 17

Eit nesten 100 meter breitt snøras stengjer riksveg 13 over Vikafjellet, og først klokka 17 reknar vegvesenet med å kunna opna fjellovergangen.

Snøskred på Vikafjellet

SNØSKRED: Snøskredet blir vurdert til å vere nær 100 meter breitt.

Foto: Privat

SISTE: Klokka 17:00 melder Statens vegvesen at vegen er rydda og open for fri fersel.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd grunna snøras, opplyser Statens vegvesen.

– Det er antyda at raset er mellom 80 og 100 meter breitt, men me veit ikkje kor høgt det er, seier Jan Erikstad ved vegmeldingssentralen.

Geologar gjorde ei ny vurdering klokka 13, og etter planen skal vegen opnast att klokka 17.

Det er snakk om at det har blåse opp ein del skavlar, og det skal bli mildare utover dagen, so då blir det meir ustabilt, seier Erikstad.

I tillegg er fylkesveg 92 over Stordalen mellom Høyanger sørside og Matre stengd på grunn av oppryddingsarbeid.

Vegtrafikksentralen åtvarer mot glatte vegar som følgje av underkjølt regn fleire stader i fylket. I tillegg er det mykje overflatevatn og delvis slapseføre fleire stader. I høgda har nedbøren komme som snø.