Hopp til innhold

Lastebåt meter frå å grunnstøytte

Det var dramatikk på Stadthavet i natt, då ein lastebåt berre var meter frå å bli ført opp i brenningane sør av Buholmen. Fiskebåten Knester kom til og berga båten og mannskapet på fem.

Lastebåt nesten på grunn
Foto: Daniel Stenevik

Det var i tre tida natt til søndag at lastebåten Molo Trader fekk motorstogg på Stadthavet i tung sjø og dårleg ver. Båten dreiv raskt mot land, men til alt hell låg fiskebåten Knester ikkje langt unna.

I løpet av nokre dramatiske minutt kom fiskebåten til, fekk tak i trossene på lastebåten og drog den vekk frå land.

Var berre 180 meter frå land

Skipper Mons Eivind Troland og resten av mannskapet på ti ombord i fiskebåten, vart kalla opp av lastebåten natt til søndag. Lastebåten Molo Trader låg då berre låg 180 meter frå land.

- Det vart nokre dramatiske minutt, fortel skipperen på Knester. Vi måtte få ei kasteline ombord i lastebåten, for å få tak i trossene. Det var ei utfordring midt på svarte natta så nær land. Mons Eivind Troland, fortel at han aldri har vore med på noko liknande.

Lastebåten dreiv i stor fart mot land, og mannskapet på begge båtane frykta at den skulle blitt knust mot fjæresteinane og få hol i skroget. Det kunne vore katastrofalt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Lastebåt meter frå å grunnstøyte

Held tak i lastebåten i to timar

Lastebåt nær ved å gå på grunn

TRØBBEL PÅ STADTHAVET: Etter to timar tok redningsskøyta over arbeidet.

Foto: Daniel Stenevik

Etter at Knester fekk kontroll over lastebåten, dreiv begge båtane nordover forbi Buholmen, men skipper Troland seier dei hadde god kontroll.

Då det hadde gått ein times tid kom redningsskøyta til staden, men det tok endå ein time før Knester fekk avlastning.

– Vi held fast i Molo Trader i to timar, fortel skipperen.

Var det nokon gong fare for dykkar eigen båt?

- Hadde vi vore litt seinare på plass kunne det vorte mykje verre, for vi såg opp i brenningane. Skipperen på lastebåten var svært takksam for at vi berga båten frå land, avsluttar ein av heltane på Stadthavet.