Hopp til innhold

Krev nybygg for å kunne halde fram

Det er ikkje grunnlag for å driva Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland vidare om dei må vera i dei gamle bygga dei har no. Dei seier rektor ved skulen.

Sogn jord og hagebruksskule i Aurland

GAMAL SKULE: Rektor meiner at det er heilt naudsynt med utbygging for å sikre vidare drift.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det starta berre 12 nye elevar ved skulen i år, men dei treng likevel 50 millionar kroner til nytt hovudbygg.

Det er ikkje haldbart å driva i bygningar som vart bygd rett etter krigen, seier rektor Bjørg Fritsvold.

– Det går ikkje an å drive skule her om ein ikkje får bygd ut, sler rektor fast.

– Må ha nytt skulebygg

Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland treng 50 milliionar kroner til eit nytt skulebygg, samt å pussa opp eit eksisterande bygg.

Denne veka melde NRK at det berre var 12 nye elevar som starta ved skulen, og rektor Bjørg Fritsvold seier det er avgjerande med eit nytt skulebygg for å snu trenden.

– Om ein ikkje får på plass ei utbygging, så er det ikkje forsvarleg å halde fram aktiviteten her. Denne skulen har så mykje viktig kunnskap for samfunnet. Eg trur det berre er eit tidsspørsmål når kunnskap om matproduksjon får litt større status enn det har i dag, seier Fritsvold til NRK.

Fekk avslag frå staten

Skulen er ei landslinje for økologisk mat, og soleis har staten også eit ansvar i drifta.

Fylkeskommunen sin søknad om medfinansiering har blitt avslått av den administrative leiinga i både kunnskapsdepartementet, landbruksdepartementet og miljødepartementet.

Fylkeskommunen har i eit år prøvd å få i stand eit møte den politiske leiinga i departementa, og har no fått tilbakemelding på at det er kunnskapsdepartementet som er dei rette å snakke med.

Vil ikkje love noko

Men departementet har framleis ikkje gjeve svar, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Skulle vi få nei frå statleg hald, så må vi tenkje alternativt.

– Så de kjem ikkje til gå inn for å leggja ned skulen?

– Eg kan ikkje forskottere nokon ting, men eg er oppteken av å vidareutvikle og ta vare på den unike kompetansen som er bygd opp over så lang tid.