20 av 23 nye elevar ved Sogn jord-og hagebruksskule er jenter, skriv Sogn Avis.
Mange søkjarar
Det er seks fleire enn ved starten for eitt år sidan.
– Dette er ei utvikling eg er svært nøgd med. Vi har slite med låge elevtal nokre år, men no går det oppover, seier rektor Bjørg Fritsvold framfor skulestart neste veke.
Det rektoren er litt betenkt over er den skeive fordelinga mellom gutar og jenter i vg 2-klassen. Berre tre av dei 23 elevane er gutar.
Håpar på fleire gutar
– Eg stiller meg litt spørjande til det, seier Fritsvold. Ho reknar med at det er like mange gutar som jenter som ser føre seg å driva gardsbruk og undrar seg over at jentene dominerer så klart på utdanningssida. Tilbodet er der, men gutane sviktar utdanninga.
– Tendensen har vore der lenge, men så skeiv fordelinga som i år har vi ikkje hatt tidlegare. Men kanskje situasjonen vil trekkje fleire gutar til skulen, seier Fritsvold spøkjefullt.