Hopp til innhold

Krev lengre rullebane på Haukåsen

Sogneordførarane krev at rullebana på Sogndal lufthamn Haukåsen blir forlenga. Dette blir eit av dei viktigaste krava frå Sogn regionråd i tida framover.

Sogndal lufthamn

FORLENGING: Ordførarane i Sogn krev at rullebana på Sogndal lufthamn blir forlenga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Avinor har sagt at det er heilt nødvendig å forlengje rullebana, både av omsyn til tryggleiken men også for å stette opp om EØS-krav og i konkurransen om anbod, skriv Sogn Avis.

Kommunane i Sogn opplever at flyplassen er viktig for utviklinga av regionen og no vil ordførarane i regionen gjere det dei kan for å få til ei forlenging av rullebana.

– Det er kanskje den viktigaste saka regionrådet har hatt på bordet sitt på lang tid, seier ordførar Olav Lunden i Leikanger til avisa.

Det vil koste litt over 100 millionar kroner å forlengje rullebana, og denne gongen vil ikkje Sognekommunane vere med å ta rekninga.

Dei har tidlegare spytta inn 70 millionar kroner til utbetringar på flyplassen, men ordførarane seier det denne gong må vere Avinor som står for betalinga.