Eit samrøystes samferdsleutval gjekk onsdag inn for å stilla langt strengare miljøkrav til dei som skal driva dei 16 ferjesambanda i fylket.
Flest mogeleg av dei gamle dieselferjene skal vekk, og erstattast med låg- eller nullutsleppsferjer, når alle ferjekontraktane skal fornyast fram mot 2020.
– Dette kan alle vera fornøgde med, seier Frp-ordførar i ferjeavhengige Austevoll, Renate Møgster Klepsvik, som har ropt høgt om eit nyare ferjer.
– Det fantastiske med dette vedtaket er at miljø går framfor pengar, seier Tom Skauge frå SV.
Med det peikar han òg på det store utfordringa til fylkespolitikarane – at dei forventar at staten skal ta store delar av rekninga.
– Dette vedtaket gjer ein vanskeleg situasjon vanskelegare. Me vert meir avhengige av statleg hjelp, seier fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre, som ikkje sitt i samferdsleutvalet.
Les òg: Her kjem batteriferja
Manglar pengane
Uansett kva vedtak som vart gjort onsdag, står ferjefylka ovanfor ei stor finansiell utfordring.
I Hordaland vert det i 2015 brukt 317 millionar på fylkeskommunal ferjedrift. Prisveksten i bransjen vil, ifølgje utgreiingane, auka den årlege prislappen med mellom 70 og 110 millionar når dei nye kontraktane vert gjeldande. Det er utansærlege krav til fornying av ferjeflåten.
Dagens vedtak endrar kostnadane drastisk.
– Me har allereie ei utfordring om me skal driva vidare som i dag, seier fylkesordføraren.
Både Høgre og Framstegspartiet ønskte i utgangspunktet ein mindre ambisiøs miljøprofil, men slutta seg til fleirtalet i løpet av utvalsmøtet.
– Står samla
Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet er glad for å få Høgre og Frp med på laget.
– Det vert viktig når me skal be staten om pengar.
Men er det forsvarleg å gå for eit så dyrt opplegg?
– Eg vil snu på det. Ferjemateriellet me har i dag har ingenting i framtida å gjera, seier Kvåle.
Stortingsvedtak gjev håp
Før jul bestemte Stortinget at alle nye offentlege ferjekontraktar skal stilla krav om låg- eller nullutslepp. Dette vedtaket gjer at fylkespolitikarane no forventar at statleg hjelp.
– Når ein går inn for slike krav, må det følgja pengar med, seier Tom Christer Nilsen, med klar adresse til eiga regjering.