Hopp til innhold

Verdas første elektriske bilferje på veg ut frå verftet - snart er den i drift på Sognefjorden

Verdas første store batteridrivne bilferje ligg godt i rute til å bli sett i drift mellom Lavik og Oppedal frå årsskiftet. I dag kjem skroget frå Gdansk i Polen til Omastrand i Hardanger.

Verdas første batteridrevne ferje på veg ut frå verftet i Gdansk i Polen på veg til Norge.

FØRSTE I SITT SLAG: Skroget til verdas første batteridrivne ferje i slep ut frå verftet i Gdansk. No skal den utrustast i Hardanger før den blir sett i drift på Sognefjorden.

Det er eit heilt unikt miljøprosjekt som no er i ferd med å ta form. Reiarlaget Norled overtek drifta av det travle E39-sambandet Lavik-Oppedal 1. januar 2015. Då skal også den aller første batteridrivne ferja vere på plass.

– Det som er mest unikt er at ferja er heilt elektrisk. Det starta for to år sida med ein idé frå vår produkutviklingsavdeling. Så har dei jobba saman med Norled, Siemens og Rolls-Royce for å utvikle prosjektet, fortel prosjektleiar ved verftet Fjellstrand i Hardanger, Konstantinos Gagos.

Det skal vere to landstasjonar som skal lade opp ferja. Den skal bruke ein halv time mellom avgangane. Då er det 20 minuttar overfartstid og så skal den ladast opp i 10 minuttar. Då skal den ha nok kapasitet til den kjem på den andre sida, opplyser Gagos.

Ferja som skal trafikkere stamvegsambandet over Sognefjorden blir den første store bilferja som nyttar elektrisitet over ein lengre sjøstrekning. Den er likevel ikkje den aller første som kjem seg fram heilt utan fossilt brensel. I august 2013 fekk øysamfunnet Hisarøy i Gulen ei elektrisk kabelferje.

Som ein stor mobilladar

– Det som er veldig spesielt er at den baserer seg på ein ganske kjend teknologi frå tog. Når båten kjem til kaia så skal det vere to mekaniske armar som tek tak i nokon skinner på båten. Det er slik den skal ladast opp. Det er som ein stor mobilladar, seier prosjektleiaren til NRK.no.

Ekspertise i ei rekkje europeiske land arbeider no med batteriferje-prosjektet, som alt har vekt stor merksemd utover landegrensene. Prosjektet er no nominert til ein viktig internasjonal miljøpris, skriv Teknisk Ukeblad.

– Denne nye ferja har ein enorm miljøgevinst i høve andre ferjer. Når båten kjem i drift og får eit godt renome, så reknar vi med at dette vil vekkje merksemd hos reiarlaga. Det er ei løysing som eignar seg veldig godt til den type bruk. Førebels er det ferjedrift som er hovudsegment for denne løysinga, seier ein stolt prosjektleiar.

Batteriferje

SLIK BLIR FERJA: Denne animasjonen syner korleis ferja skal bli når den er ferdig utrusta.

Foto: Fjellstrand

– Dette er ufatteleg moro

Reiarlaget Norled overtek den nye ferja til hausten, og skal drive med testing fram til båten kjemi drift frå 1. januar 2015. For prosjektleiar Gagos er det ei stor oppleving å få vere med og leie dette arbeidet.

– Dette er så innovativt at det nesten ikkje kan forklarast. Ufatteleg moro å få vere med på eit slikt prosjekt. Dette er ganske stort, eg er nok ein av dei heldige i bransjen. Eg er overtydd om at dette kjem til å gå bra. No er det store krefter i sving for å få dette til å fungere, slår han fast.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen sa til NRK i 2012 at statlege krav om miljøvinst på ferjesambanda er ein føresetnad for utvikling av slike prosjekt.

– Eg trur batteriferja vil bli noko som vil bli utviklande for heile bransjen, det er viktig som ledd i framtidig innovasjon, meiner Gustavsen.