Leiar i Norsk Psykologforening, An-Magritt Aanonsen, tviler sterkt på metodane til Amundsen.
Liv Norunn Ulriksen gjekk til behandling hos Amundsen frå 1988 til 1990. Men psykologen i Florø gjorde vondt verre, og saman med tre andre kvinnelege pasientar klaga Ulriksen psykologen inn for Helsetilsynet i 1999.
Tre og eit halvt år etterpå kjem Helsetilsynet med konklusjonen: Psykolog Rune Amundsen må fråtakast lisensen.
Han har behandla pasientane på ein uforsvarleg måte ved mellom anna å bruke såkalla regresjonsterapi – dvs å gå tilbake til tidlegare liv – meiner Helsetilsynet.
Ivar Blikra er advokat for kvinnene
Og denne hypnosen opplevde kvinnene som svært traumatisk. Medan den eine såg seg sjølv som ein brutal og grusom nazi-offiser under krigen, opplevde Liv Norunn Ulriksen å bli brent på bålet som heks i middelalderen.
Krev erstatning
Desse opplevingane verka sterkt inn på kvinnene, som opplevde at den mentale tilstanden vart forverra. No vil dei ha erstatning for feilbehandlinga dei fekk hos ein autorisert psykolog.
Advokaten til dei to kvinnene, Ivar Blikra, trur at eit erstatningskrav er svært realistisk.