Hopp til innhold

Fiskesbåtskippar etterlyser strengare krav til reservestraum på land

Mens båtar har strenge krav til naudstraum på telefon og radiosamband, har Telenor og naudetatane på land vore ute i dagevis.

Nils Myklebust

SKREMMANDE: Fiskebåtskipper Nils Myklebust er skremd over kor dårleg det eigentleg står til med telekommunikasjonen i fylket i ein krisesituasjon.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er skremmande at Telenor og naudsambanda ikkje vert møtt med same krav om reservestraum som større båtar til har havs.
Det meiner fiskebåtskipper Nils Myklebust frå Måløy.

Han reagerer på at kommunikasjonen faktisk fungerte betre etter orkanen i 1992, enn då uvêret Dagmar trefte no i jula.

Krav til batteri som held 36 timar

No etterlyser han like tøffe krav på land.

– Du skal ha ein reservekapasitet, anten du har det som ein nødstraumsgenerator eller som eit batteri som skal halde i 36 timar etter at du har mista hovudstraumskjelda, seier fiskebåtskipper Nils Myklebust frå Måløy.

Slik er krava når skipper Nils Myklebust legg ut på fiskefelta. Han er rysta over at krava til kystradiosamband, telefonnett og naudsamband på land ser ut til å vere langt romslegare.

Skremmande å sjå slikt

– Når vi opplever og ser at dette ikkje gjeld lenger for den drifta av kystradiostasjonane som er i Norge, og ein heller ikkje har nødnett innanlands, så er det skremmande, seier Myklebust.

Langs kysten er det nettopp båtar som har vore redninga når telefon og naudsamband på land har svikta etter orkanen Dagmar.

Då alt anna vart slått ut, har mange av båtane satellittelefonar, og dei har også VHF-samband seg i mellom.

Må skifte batteri kvart tredje år

I fiskebåten Fjellmøy er Myklebust pålagd å ha ting på stell.

– For å illustrere kor strengt det er, kan du samanlikne med eit bilbatteri. Det kan du bruke til det er ni-ti år gammalt. Vi må skifte batteri etter tre år, om det er brukande eller ikkje. Nettopp fordi reservekapasiteten skal vere intakt, seier Myklebust.

Han kan ikkje forstå kvifor alt svikta på land.

Lovar gjennomgang

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo lovar no ein gjennomgang. Den totale svikten i tele- og naudsambanda var eitt av tema då ho i går besøkte Møre og Romsdal.

– Dette er viktig å få ei oversikt over. Vi brukar telefoni stadig meir og det gjer oss også sårbare i ein slik situasjon som den vi har hatt, seier Faremo.