Hopp til innhold

Klarte å halde oppe telesambandet i 92-orkanen - no datt alt ned

Då nyttårsorkanen herja på Vestlandet i 1992 klarte Televerket å halde nettet oppe, trass i at skadene då var endå større enn etter orkanen Dagmar.

Slik har "Dagmar" herja i Florø

ENORME SKADER: Tusenvis av trefall etter orkanen, har gjort store skader på mellom anna telefonlinjer.

Foto: Truls Kleiven

Dei siste dagane har heile kommunar vore totalt isolerte frå omverda, og mange har enda ikkje fått attende verken straum eller telefonsignal. Mange tusen menneske landet over har vore råka av teletrøbbel etter orkanen «Dagmar».

– Eg synes det er alldeles skremmande å tenkje på, seier tidlegare telemontør Ragnar Furnes til NRK.

Hadde backup lokalt

Vågsøy-mannen jobba i Televerket og Telenor frå 1975 til år 2000. Han hugsa godt nyttårsorkanen i 1992 og at dei då greidde å halde telenettet oppe sjølv etter den verste stormen som er målt her til lands.

Furnes

SKREMD: Tidlegare telemontør Ragnar Furnes er skremd over mangelen på teleberedskap.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

No, vel 20 år etter, opplever ein at heile kommunar stod totalt utan samband med omverda.

– Då hadde kvar enkelt sentral batteri-backup, og vi reiste rundt med mobile aggregat for å ta opp spenninga på batteria, og det gjekk på omgang heile døgnet, fortel Furnes.

Han trur årsaka ligg i dei store omleggingane Telenor har gjort dei siste åra. Bemanninga lokalt har gått ned og færre er igjen til å vedlikehalde telenettet.

– Stadig meir har blitt styrt frå sentrale punkt, og når alt er nede, kven skal då folk vende seg til. Dei får ikkje kontakt med nokon, hevdar Furnes.

Politisk diskusjon

Telenor nektar i dag å kommentere denne saka. Dei seier dei prioriterer krisehandtering og ikkje veit nok no om kva som eigentleg har gått gale.

Det er Post og teletilsynet som har ansvaret for å overvake og regulere telefonselskapa i Norge.

Men sjølv om orkanen Dagmar enda i totalhavari for telenettet i store delar av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane seier avdelingsdirektør Ørnulf Storm at det neppe får konsekvensar for Telenor.

– Det vil naturlegvis også vere ein politisk diskusjon om kva samfunnet er villig til å dekke av kostnader, for å kunne sikre seg i denne typen ekstremsituasjonar.

Kritikk frå Høgre

Men stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre meiner dette ikkje er godt nok. Han meiner teletilbydarane må få konkrete krav til driftstryggleik.

Bjørn Lødemel

KRITISK: Bjørn Lødemel (H).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Lødemel opplevde at heimkommunen Hornindal måtte få tilkøyrt satelittelefon frå austlandet for å få kontakt med omverda. Han fryktar at teleselskapa har for dårleg bemanning i distrikta.

– Eg tykkjer ikkje dette held mål, og eg er veldig uroa over at dette har gått i feil retning.