Foto: Torje Bjellaas
Fiskarlaget fekk i januar avslag frå Kystverket på kravet om å auke lysstyrken på Ytterøyane fyr.
Fyret ligg i havet vest for Florø, og er eit viktig navigasjonsmerke for skipstrafikken langs kysten. Leiar Nils Myklebust er skuffa over svaret, men gir likevel ikkje opp. Styret held fast på kravet fordi dei meinar at det må sterkare lys til for å unngå ei ulukke.
Rekkjevidde på 10 nautiske mil
Norvald Nesset i Kystverket derimot, står fast på at fyret fungerer godt nok slik som det er no, og han syns det er sløsing av midlar å skru opp igjen styrken. Ytterøyane har framleis ei rekkjevidde på 10 nautiske mil, og det er tilstrekkjeleg meiner han.
Myklebust derimot meinar at tryggleiken ikkje er som den burde vere lenger. Nesset dreg fram at fyret ikkje spelar like stor rolle som den gjorde før i tida. No er mange båtar utstyrt med moderne navigeringsutstyr som tek over jobben til det gamle fyret.
- Alle har ikkje moderne navigasjonsutstyr
Myklebust meinar at Kystverket tek det for gitt at båtar no for tida er oppdaterte på teknisk utstyr, og sjølv har han registrert at dette ikkje er tilfelle. Spesielt er det mange utanlandske båtar som er fullstendig avhengige av at fyret visar klar veg.
Men Kystverket fryktar ikkje at den nedsette lysstyrken skal føre til at noko går gale. Nesset meiner det er usannsynleg at det vil skje ei ulukke fordi lysrekkjevidda på Ytterøyane er for liten.