Hopp til innhold

Høgre: – Regjeringa må betale for sjukehusvedtaket

Høgre krev no svar frå helseministeren. – Regjeringa må ta det økonomiske ansvaret for det dei har pålagt Helse Førde gjennom sjukehusvedtaket, seier Bent Høie (H), leiar i helsekomiteen på Stortinget.

Førde sentralsjukehus

KRE SVAR: Høgre krev svar frå helseministeren om kven som skal ta rekninga for regjeringa sitt sjukehusvedtak.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Helse Førde reknar med meirkostnader knytt til sjukehusvedtaket på mellom 50 og 100 millionar kroner. Høie vil sende rekninga tilbake til regjeringa.

– Regjeringa må ta ansvar for det dei har pålagt Helse Førde, seier Høie.

Vil stille prinsipielt spørsmål

Bent Høie (H)

SPØRSMÅL: Bent Høie (H) vil stille spørsmål til helseministeren.

Foto: Stortinget

Helse- og omsorgsdepartementet har tidlegare sagt at det ikkje vil kome meir pengar. Men At Helse Vest vert sitjande med rekninga er inga god løysing, meiner Høie.

– Dersom Helse Vest betaler rekninga, vil det fort kome reaksjonar frå både Helse Bergen og Helse Stavanger. Dei vil oppleve at det er dei som finansierer regjeringa si overstyring av Helse Førde.

Høie besøkte torsdag Førde sentralsjukehus der han fekk ei grundig innføring i den økonomiske situasjonen.

I dag er det styremøte i Helse Førde og økonomien etter sjukehusvedtaket til regjeringa vil bli eit sentralt tema. No vil han utfordre helseministeren.

– Eg kjem til å stille eit spørsmål til helseministeren som har ei prinsipiell tilnærming. Dersom dei ønskjer å forsvare det styringssystemet vi har i dag, så må dei også svare på kva som er dei prinsipielle konsekvensane når regjeringa går inn og overstyrer føretaka, seier Høie til NRK.no.

– Vi har sagt kva i har råd til

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, seier reknestykket enno ikkje er klart. Nokon må uansett ta rekninga, meiner styreleiaren.

– Vi har sagt kva vi har råd til, så kven som skal betale meiraktiviteten vil nok bli ei sak mellom eigar og departementet, seier Øberg.