Hopp til innhold

Krev 14 månader fengsel

Påtalemakta krev at 18-åringen som er tiltala for vald og truslar mot fleire polititenestemenn i Indre Sogn blir straffa med 14 månaders fengsel. Påstanden inneheld også inndraging av førarkortet i ni månader..

Jo Huus

AKTOR: Politifullmektig Jo Huus kravde 14 månaders fengsel for 18-åringen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

- Påstanden er så streng fordi påtalemakta meiner hadlingane vert råka av den seinare tids straffeskjerpingar rundt grov vald, seier aktor i saka, politifullmektig Jo Huus.

Brukte lydopptak

18-åringen truga dei to poltitenestemenne på livet, og retta også truslar mot familiane deira, då dei pågreip han etter ein grov valdsepisode hausten 2012. Politiet gjorde lydopptak av ordbruken hans medan dei pågreip han, og desse vart presenterte for Sogn Tingrett onsdag.

Lang tiltale

I tillegg til vald og truslar mot politiet, stod den unge sogningen også tiltala for ei svært lang rekke valdstilfelle. Lista inneheldt vald mot både kvinner og menn, utført med mellom anna eit knekt kosteskaft.

Tiltalen inneheldt også eit brot på vegtrafikklova, som gjer at påtalemakta også kravde inndraging av førarkortet hans i ni månader.
På vegne av ein av dei fornærma i valdssakene er det også fremja eit erstatningskrav på 25.000 kroner.

Det er venta dom i saka 8. mars.