Hopp til innhold

Politiet gjorde opptak av alvorlege truslar då dei pågreip valdsmann

Ved hjelp av ein mp3-opptakar festa til uniforma gjorde politiet opptak av svært alvorlege truslar då dei i august i fjor arresterte ein 18-åring etter ein valdsepisode i Sogn.

Jo Huus

LEGG FRAM BEVIS: Aktor Jo Huus la i dag fram lydbevis i saka mot ein 18 år gamal mann frå Sogn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Onsdag morgon vart lydopptaket spelt av for Sogn tingrett, der gjekk det tydeleg fram at den tiltalte 18-åringen sette fram truslar mot den eine politimannen og hans familie, og brukte svært grove skjellsord mot fleire av politifolka.

I opptaket høyrer vi og tydeleg at mannen set seg sterkt til motverje mot å bli arrestert.

Brukte mp3-spelar

For påtalemakta er slike lydbevis viktige og noko som vil kome meir og meir i framtida, meiner politifullmektig Jo Huus ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Vi kan seie at på fleire måtar så byrjar den teknologiske utviklinga endeleg å bety noko for politiet. Det er ein veldig enkel ting som har skjedd her ved at politifolka som var ute på jobb dei hadde med seg ein liten mp3-opptakar i lomma. Den har dei sett på og ikkje trengt å tenkje meir på medan aksjonen går føre seg, seier Huus til NRK.

– Betre opplyst sak

Han håpar og trur at lydopptak vil verte standardprosedyre når politiet hamnar i vanskelege og trugande situasjonar, og at ein då sørgjer for god dokumentasjon på det som har skjedd.

– Eg føler at saka då blir betre opplyst og gjev eit betre grunnlag for retten når den skal ta stilling til dei spørsmåla som kjem som ein følgje av tiltalen. Dette er ganske nytt, og eg veit at politiet i Sogndal spesielt har vore flinke med å bruke dette. Eg trur ikkje ein finn det att alle stadar i fylket. Dette er først og fremst eit litt lokalt initiativ som påtalemakta tykkjer er veldig bra, slår Huus fast.

Ferskt bevis

Når eit vitne skal forklare seg i ei rettssak må domarane halde seg til det som blir sagt og hugsa frå vitneboksen. Jo Huus meiner at ved å kunne bruke lydopptak som bevis, så vil kvaliteten på det domarane skal vurdere bli langt betre.

– Det at ein då spelar av dette opptaket der ein ikkje berre høyrer isolert sett dei orda, men heile samanhengen, opplyser saka på ein viktig måte som ein kanskje ikkje ville fått så lett elles. Så er det jo det at minnet er jo best når det er ferskt, men lydopptaket er jo like ferskt no som det var for eit halvt år sidan, seier Huus.

Halvor Thurn-Basberg

STØTTAR LYDOPPTAK: Forsvarar Halvor Thurn Basberg meiner det er fornuftig å bruke lydopptak som bevis i retten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Utfyllande bilete

Forsvarar for den tiltalte 18-åringen, Halvor Thurn Basberg, er samd med at lydopptaket som var gjort under pågripinga i denne saka tente sin misjon.

– Det fungerer heilt utmerkt slik som i denne saka, for då får ein absolutt kunnskap om kva som blei sagt og kanskje ikkje minst under omstende det blei sagt. I denne saka så var det jo ein veldig oppheita situasjon. Lydopptaket kan gje retten eit utfyllande bilete av det som skjedde. Så konklusjonen er at det er nyttig og bør brukast meir, meiner den erfarne advokaten.

Sterk auke

Talet på vald og truslar mot politiet har hatt ein sterk vekst dei siste åra. Ifølgje politiet vart det fjor meld over 1100 tilfelle av vald mot politiet, noko som er ei dobling sidan 2004.

I saka som no er oppe i Sogn tingrett er den 18 år gamle mannen tiltalt for å dytta og sparka to polititenestemenn, i tillegg til at han truga dei på det grovaste. 18-åringen har innrømma straffskuld for desse tilhøva, sjølv om han hevda at ikkje hugsar noko av hendinga.

Ifølgje same etat finst det ingen eksakt statistikk over kor mange trusselsaker politiet blir utsett for kvart år.

– Men tala inngår i statistikkgruppa ”offentlege tenestemenn”. Talet meldingar for truslar mot offentlege tenestemenn var 773 i 2012, ein auke på 10,4 prosent frå året før, opplyser politiet.