Hopp til innhold

Spritfyll og krangel om gitar førte til stygg vald

Høgt inntak av sprit har ført til store problem for ein ung mann frå Indre Sogn. I Sogn tingrett i dag innrømma han skuld for å ha sparka og slege svogeren sin slik at han vart medvitslaus.

Halvor Thurn-Basberg

FORSVARAR: Halvor Thurn-Basberg er forsvarar for 18-åringen som no må svare for fleire tilfelle av stygg vald.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Krangel om ein gitar utløyste valden.

Augustkvelden starta som ein hyggjeleg venefest. Planen var å reise på ein utekonsert, men slik vart det aldri. Ved kvart på ellevetida laurdag 25. august kom den tiltala heim og hevda skrikande at nokon hadde brukt gitaren hans.

Deretter gjekk han laust på svogeren sin og slo han fleire gonger i hovudet og overkroppen. Då svogeren forsøkte å reise seg opp, sparka 18-åringen han i ansiktet.

Fleire ringte naudtelefon

Slaga og sparka førte mellom anna til to kjevebrot, hjerneristing og sterke smerter i hovudet.

I retten blei det fortalt at det kom fleire naudtelefonar til politiet og at det vart send ein patrulje til staden. Der møtte dei på den tiltalte og det oppstod eit basketak. Tiltalte dytta den eine politibetjenten og sparka den andre.

Likar ikkje politifolka

I situasjonen brukte han og sterke skjellsord mot politifolka og i retten innrømma han at ikkje har særleg sans for dei to tenestemennene.

– Eg likar han ikkje. Eg mislikar korleis han er som politi, sa 18-åringen i retten på direkte spørsmål frå aktor Jo Huus.

– Spriten har skulda

Det var ein sterkt angrande 18-åring som møtte i retten. Han fortalte retten om ein tøff oppvekst og at han har gjennomgått sinnemeistringskurs og at han sjølv ser at han og sprit er ein svært dårleg kombinasjon.

– Det er spriten som gjer at eg er her i dag. Eg klarar ikkje å tenke konsekvensar når eg drikk sprit, sa 18-åringen.

Vil endre på livet

Men då tingrettsdommar Lars Varden undra om tiltalte eventuelt ville vurdere å vere heilt rusfri for å få lågare straff, var svaret klart.

– Nei, eg vil vere fri til å bestemme dette sjølv. Men eg har ikkje lyst å vere slik lenger, og eg skal gjere alt for å endre på dette, sa tiltalte.

Det er sett av tre dagar til rettssaka i Sogn tingrett og den tiltalte 18-åringen må og svare for to tilfelle av vald mot personar ved ein utestad i Sogndal.