Hopp til innhold

Kreften stogga ikkje Aud Kari

Ei alvorleg kreftdiagnose, førte til at Aud Kari Isane ikkje fekk delta i New York Marathon for to år sidan. I går tok ho revansje, og gjennomførte det 42 kilometer lange løpet gjennom gatene i verdsmetropolen.

Aud Kari Isane

GLAD: Aud Kari Isane strålte saman med sola undervegs i New York Marathon. Her er ho kome vel 15 kilometer i det 45 kilometer lange løpet.

Foto: Sindre Otnes Skogen

Med jublande menneske og ekte 17. mai stemning heile vegen, gjennomførte Aud Kari Isane søndag New York Marathon med glans.

Etter ei tøff tid for å bli kvitt ein alvorleg kreftsjukdom, har dama frå Balestrand trena seg opp til å bli ein ekte maratonløpar.

Kreftdiagnose stogga maratonløp

Den tidlegare fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane, hadde som mål å springe maraton i " The Big Apple" allereie i 2009. Då hadde ho og ei venninne vore med på eit opplegg gjennom eit ukeblad, der 20 damer i 40-åra skulle trene seg opp til å springe det verdskjende løpet.

– Eg fekk ein tøff kreftdiagnose som gjorde at eg ikkje kunne reise til USA for to år sidan. Heldigvis fekk eg utsett opplegget, og sette meg som eit mål at eg skulle trene meg opp att for å klare å springe løpet i 2011.

Isane trur det at ho var i så god form då ho vart sjuk, er ein av grunnane til at det har gått så bra som det har gått. Ho har stor tru på at trening og det å halde seg i form, er viktig når ein får ein alvorleg diagnose.

– Eg hadde dessutan ikkje klart å trene så mykje, dersom eg ikkje hadde hatt eit slikt mål. Når du skal springe maraton må du trene mykje, elles har ein ikkje ein sjanse, meiner Isane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aud Kari Isane

TØFF: Aud Kari Isane har ikkje late kreften stogge ho.

Foto: Sindre Otnes Skogen

New York Marathon er førstevalet

Dersom ein skal springe eit maraton i livet, må det gå gjennom gatene i New York. Stemninga og varmen frå publikum er heilt eineståande, meiner maratondama frå Balestrand.

– Vi reiste utover i halv seks tida om morgonen, og då var det framleis rim på bakken, for det var kaldt i New York. Klokka halv ti starta vi i første pulje, og sprang blant anna gjennom bydelane Brooklyn, Harlem og Bronx.

Det var reine 17. mai stemninga gjennom heile ruta, og i Brooklyn er der ein del nordmenn, dermed fekk Aud Kari Isane skikkeleg draghjelp.

– Dette er amerikanarar på sitt beste, eg hadde norsk flagg på t-skjorta og då ropte dei " Heia Norway" heile vegen. Det løfta meg fram, ikkje minst dei siste ti kilometerane av løpet.

Nådde målet på fem timar

Maratondronninga hadde som mål å springe dei 42 kilometerane på under 5 timar, og det klarte ho med glans. Sluttida vart 4,42 timar og det er Aud Kari strålande nøgd med.

– Det er ein fantastisk oppleving å vere med på noko slikt, og det gjev absolutt meirsmak. Dei stogga trafikken i sju timar, og ein får oppleve New York på ein heilt ny måte.

På slutten spring løparane gjennom Central Park og sjølv om Aud Kari då var sliten, var det ei oppleving.

– Det å sette seg eit mål som gjer at ein må trene er bra for kroppen og i tillegg er det ei kjempestor oppleving som ein aldri kan kjøpe seg til. Den må berre opplevast avsluttar Isane.